Hopp til innhold

Promillekøyrar stoppa på Askøybrua

Ein 31 år gamal mann vart stoppa av politiet på Askøybrua i natt, mistenkt for promillekøyring. Då politiet tok han med inn på stasjonen for å måle promillen, viste det seg at den var låg. – Vi har difor ikkje gjort beslag av førarkortet, men sjåføren får truleg ei klekkeleg bot, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre.