Hopp til innhold

Problem for Telenor på Askøy

Fleire Telenor-kundar på Askøy har problem med breiband og tv-signala. Telenor kjenner til feilen, og opplyser at dei jobbar med å rette den. – Omfanget er førebels litt uklart. Vi beklagar for kundane som er ramma, og jobbar med å få løyst problema så fort som mogleg, seier informasjonssjef Tormod Sandstø.