Hopp til innhold

Private brev vart kunstutstilling

Anne Lise Stenseth frå Florø fekk kvinner over heile verda til å skrive brev til seg. Slik blir det kunst av. No kan du få helse på åtte av kvinnene.

Publikum ser videokunst

Kvinnene fortel si historie gjennom video-opptak.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Videoessayet "The kiss and waste project" er den offisielle kunstutstillinga til årets Førdefestival 2011.

Reiste verda rundt

Opna kunstutstilling i Førde

Anne Lise Stenseth tok imot publikum i Førde.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Ideen for prosjektet var å få kvinner til å skrive brev til Stenseth, som om ho var "mor, søster, kjæraste eller ein nær slektning". Breva kjem frå Ukraina, Bulgaria, Romania, Tyrkia, Norge, Sverige, Danmark og Storbritannia.

- Tema for utstillinga er folkevandring og nasjonal identitet, menneske i konflikt; kort sag spenninga mellom heime og borte. Og det er private historier om familie, foreldre og identitet desse kvinnene deler, seier Anne Lise Stenseth.

Vil fremje kvinnene

Utstillinga opna i Førde laurdag 19.mars. Her kan du bli betre kjent med 8 av dei 12 kvinnene som kunstnaren har vore i kontakt med.

- Eg måtte avgrense prosjektet, og valde difor å berre fortelje historiene til kvinner. Dessutan er det vanskelegare å kome i kontakt med kvinner i enkelte deler av verda. Det er viktig at deira stemmer vert høyrde, fortel kunstnaren.

Møtte opp på kunstutstilling

Om lag 50 personar møtte fram på opningsdagen laurdag.

Foto: Jonas Sætre / NRK

- Kvifor nyttar du video til å presentere historiene?

- Video er eit bevegeleg medium, som er eigna til historieforteljing. Det visuelle gjev inntrykk av at det er filma på fleire stader. Nokre av kvinnene fortel historia si sjølv, andre historier er lest inn av andre kvinner enn ho som har skrive historia.

- Håpar publikum kjenner seg att

Stenseth synes det er ekstra kjekt å få vise kunsten sin i heimtraktene. Og håpar videoframsyningane gjer inntrykk på dei besøkande.

- Eg håpar historiene har ein gjenklang hos folk, at ein kan kjenne seg att i det kvinnene snakkar om. Så håpar eg opplevinga med videoframsyning gjev ei spesiell oppleving, avsluttar Stenseth.