Det er publikum som har røysta fram Restaurant Eik som beste restaurant i 2006.
God attest frå gjestene
- Det er veldig gledeleg å motta prisen, spesielt fordi det er den einaste bransjeprisen der gjestene røyster fram vinnaren, seier dagleg leiar Ole Jonny Eikefjord. Førdianaren har tidlegare blant anna vore kjøkkensjef på Rica Sunnfjord Hotell i Førde.
American Express Servicepris vart delt ut for 18. gong torsdag kveld. Restaurant Eik fekk ti prosent fleire røyster enn restauranten som kom på andreplass.
Hentar inspirasjon frå heile verda
Serveringsstaden til førdianaren opna 1. februar 2003, og markerte seg tidleg med ein tydeleg profil.
- Vi er ikkje låst innanfor ei bestemt matretning, til dømes det franske kjøkkenet. Vi set i staden saman menyar frå alle marknader. Difor reiser eg ofte saman med dei fem kokkane våre til ulike verdsdeler for å hente inspirasjon vi kan dele med gjestene våre, seier Eikefjord i ei pressemelding.