Hopp til innhold

No har han ikkje fleire prisar på ynskjelista

– Det er stor stas. Eg vart mest stum og rørt då eg fekk telefonen. Då trengde eg nokre sekund på å hente meg inn att, seier Arne M. Sølvberg.

Arne M. Sølvberg får Hilmarprisen.

OVERREKT: Arne M. Sølvberg blir gratulert og takkar for prisen av fylkesordførar Gunnar Vikan. Bak leiar i juryen Geir Egil Larsen og leiar for Hilmarfestivalen Johan Einar Bjerkem.

Foto: Jostein Aardal

I helga vart han overrekt Hilmar Alexandersen musikkpris for 2013 under Hilmarfestivalen i Steinkjer.

Prisen er på 10.000 kroner og heng høgt i folkemusikkmiljøet.

– Når du ser namna du står saman med blant tidlegare vinnarar, så er det veldig stas, seier Arne Sølvberg.

Nordfjord – igjen

Prisen har vore delt ut 15 gonger før og har gått til namn som Annbjørg Lien, Knut Buen, Majorstuen, Hans Brimi og Sven Nyhus.

Og i år var det Sigrid Moldestad frå Gloppen som heldt takkekonsert som fjorårets vinnar.

– Det må vere heilt spesielt og ei fjør i hatten for folkemusikkmiljøet at nordfjordingar har fått den to år på rad, meiner Sølvberg.

– Uvanleg dyktig

Hilmar Alexandersen vart sett på som ein av Trøndelag sine store kunstnarar, anerkjend både nasjonalt og Nordisk. Sølvberg fekk sjølv gleda av å møte og oppleve folkemusikaren.

I grunngjevinga trekkjer juryen fram Sølvberg som ein av landets aller fremste og mest allsidige folkemusikar og folkedansar.

– Han er uvanleg dyktig utøvar på både vanleg fele og hardingfele – og også trefløyte/tussefløyte, og er ein av få som er A-klasse-spelmann både på hardingfele og vanleg fele, skriv juryen.

Kona Asbjørg

Sølvberg vann i 1989 Landskappleiken på vanleg fele, og i Landskappleiken i dans i 2004 saman med kona Asbjørg.

Han har gjeve ut sju eigne plater og delteke på ei lang rekkje fleire, og har turnert både i Norge, Europa og USA.

– Eg er veldig glad for at Asbjørg vart nemnd i talen til fylkesordføraren i Trøndelag. Hadde det ikkje vore for ho, så kunne eg aldri vore så engasjert i folkemusikken, seier Sølvberg.

Vart imponert sjølv

Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg

GLAD: Arne M. Sølvberg valde vekk bunaden til fordel for dressen frå Moods of Norway då han tok imot prisen i helga. Sjølv framheva han kona Asbjørg (t.h.).

Foto: Jostein Aardal

Vidare vart Sølvberg sine mange verv i folkemusikk og folkedans trekt fram, samt mange av prisane han allereie har sikra seg.

Som til dømes Spellemannsprisen i 1996 for soloplata «Nordfjordslåttar» og Kongens fortenestemedalje i 2010.

– Eg tykte det vart mest som ein einaste skrytetale. Eg må innrømme at eg vart mest imponert der eg sat i salen, men så har eg også levd eit rikt liv grunna folkedansen, seier Sølvberg.

Æresmedlem

I fjor vart stryningen tildelt heidersmedlemsskapen i folkemusikkorganisasjonen FolkOrg. Dermed byrjar lista over aktuelle prisar å krympe.

– Ja, det har vore storveges siste åra. Kanskje det er eit alderdomsteikn, humrar Sølvberg og held fram:

– Æresmedlemskapen er nok noko av det høgste for min del og Kongens fortenestemedalje då eg var 60.

Lokal heider og ære

– Kanskje det aller kjekkaste er å få heider og ære lokalt. Å bli sett pris på av eigne bygdefolk, seier han og legg til at Stryn kommune var tidleg ute med å tildele han kulturprisen.

– Spellemannsprisen var ei oppleving å få, men den har eg fått ein gong slik at det er greitt. Nei, eg har ikkje noko meir prisar no som står på ynskjelista, avsluttar Sølvberg.