Hopp til innhold

PR-rådgjevar slaktar Helse Førde

PR-rådgjevar Kjell Terje Ringdal kallar Helse Førde sin kommunikasjonsstrategi for kjenslekald. Han meiner den berre gjer vondt verre.

Jon Bolstad

TØFF TILBAKEMELDING: Jon Bolstad får kritikk for kjenslekald kommunikasjonsstrategi. - Vi prøver å vere tydelege på bodskapen, seier den administrerande direktøren.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Helse Førde sin kommunikasjonsstrategi er noko av det dårlegaste eg har høyrt, seier mangeårig PR-rådgjevar Kjell Terje Ringdal.

Vart trist og opprørt

Han har lytta til Helse Førde-saker som NRK Sogn og Fjordane har sendt på radio, og er ikkje nådig i sin kritikk av korleis leiinga i helseføretaket står fram overfor brukarane sine.

- Då eg vart beden om å gjere ei vurdering, tenkte eg på førehand at dette sikkert var ein klassisk debatt der dei tilsette er sinte og leiinga gjer så godt dei kan. Men då eg høyrde sakene, vart eg ganske trist og opprørt over å høyre ein leiar som diverre målar seg så tungt inn i eit hjørne - og grev ei grav så djup - heilt utan at det er naudsynt, seier Ringdal.

- Dette er noko noko av det dårlegaste eg har høyrt når det gjeld å handtere menneske, seier han.

- Snakkar som ein kalkulator

Debatten om korleis helsetilbodet i Sogn og Fjordane skal vere har i lang tid vore svært kjensleladd:

Fleire tilsette i helseføretaket meiner at dei ikkje får god nok informasjon om kva som skal skje med arbeidsplassane deira. I haust vart det gjort omleggingar på sjukehuset i Lærdal, og måndag fortalde tilsette at dei sluttar i jobben fordi dei meiner omlegginga ikkje fungerer.

- Det eg høyrer er ein administrerande direktør som er forkledd som ein kalkulator - slik snakkar jo ein kalkulator. Han har eit iskaldt forhold til dei som protesterer, utan blikk for at det kan vere delar av dette som er rett, seier Ringdal.

- Gjer berre vondt verre

PR-rådgjevaren meiner Bolstad ikkje har forståing for at når folk seiee opp eller skriv brev, så er det uttrykk for noko.

- Det kan godt vere at han har rett, og at det er naudsynt å gjere desse grepa, men han kommuniserer på ein måte som berre gjer vondt verre, seier Ringdal.

- Det å vere administrerande direktør handlar om å vere leiar. Og det å vere leiar handlar om å løyse konfliktar, og om å styre pengar og menneske i rett retning, legg han til.

- Prøver å vere tydeleg på bodskapen

Sjølv vart Jon Bolstad paff då han fekk høyre dommen over eigen kommunikasjon.

- Eg har aldri tenkt over at eg snakkar som ein kalkualtor. Vi prøver å vere tydelege på eit bodskap, sjølv om ikkje alle set pris på bodskapen, seier den administrerande direktøren.

I dag er det styremøte i Helse Førde med budsjettet for 2010 som tema. Du kan følgje møtet direkte på nett-TV hos NRK Sogn og Fjordane frå klokka 09.00.

- Dei eg har kontakt med, gir ikkje uttrykk for det samme som dei mediaoppslaga som eg har fått med meg dei siste dagane, seier Bolstad.