310 utsendingar frå nasjonalparkar i heile Europa kjem til Nordfjord, både for å vere med på debattar og for å gå på turar i og nær Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Bygde Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
Anne Kjos-Wenjum Armas er opphaveleg frå Hafslo, men kom til Oppstryn på 80-talet. Saman med mannen, Oscar Tenden, var ho med på å byggje opp Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Men i desember 1996 miste Tenden livet i ei ulukke då dei to var på tur i Glomsdalen.
Anne valde å bli verande i Oppstryn, og kan no gle seg over at stadig fleire turistar finn vegen innom nasjonalparksenteret.