Hopp til innhold

Pop å gå «Josten» med berehjelp

Folk betaler gladeleg 6.000 kroner for berehjelp når dei skal gå Jostedalsbreen på langs.

Josten på langs

POPULÆRT: «Josten» på langs er populært. No også med berehjelp.

Foto: Jostedal Breførarlag

Prisen er fire gonger meir enn det Turlaget tek for å følgje deg på langs av europas største fastlandsbre .

Likevel merkar Jarle Trå stor pågang frå folk som ynskjer seg ein lettare tur over Jostedalsbreen. Pågangen er så stor at han har måtte seie nei til folk.

  • LES OGSÅ:

– I år har eg to fullteikna grupper, så eg opplever at det stor etterspurnad, seier han.

– Ikkje «luksustur»

Jarle Trå

POP: Jarle Trå starta i fjor eit nytt turkonsept på Europas største fastlandsbre.

Foto: Jarle Trå

Trå, som kanskje er mest kjend etter at han nær omkom under ein ekspedisjon på Mount Everest i 2009 , starta opp med tilbodet i fjor. I år skal han sende 24 skigåarar over «Josten».

Sjølv om dei får berehjelp, vil ikkje Trå skildre det som ein «luksustur» over Jostedalsbreen.

  • LES OGSÅ:

– Det skal eg ikkje påstå, men det er i alle fall eit litt anna konsept enn det «Josten» på langs tradisjonelt er, seier han.

Får tid til å nyte

Sidan oppstarten har etterspurnaden berre gått ein veg. Sjølv om prisen er 6.000 kroner, fire gonger så mykje som Turlaget sine turar over breen.

Deltakarane må bere sovepose og klede dei treng sjølve, noko som gjer at dei har betre tid til å nyte naturen. Det fortel Knut Horvei, ein av turleiarane til Trå.

– Vi berar telt, mat, primus og fellesutstyr. Eg trur dei tykkjer det er bra å kunne ha meir fokus på å nyte turen, enn berre på å slite seg over, seier han.

Fleire får oppleve

Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, seier det nye tilbodet ikkje har påverka etterspurnaden på deira turar.

Ho tykkjer det er flott at Josten blir opna for ei større målgruppe.

  • LES OGSÅ:

– Det må vere fantastisk at fleire kan få oppleve den magien, og det vakre som vi opplever på breen, seier ho.