Hopp til innhold

Pollen gjer livet surt for nesten ein million nordmenn

På sjukehuset i Førde måler ein pollen kvar einaste dag for å gjere livet lettare for mange. – Mange blir skikkelig sjuke av pollen, seier overlege Einar Solheim.

Oddvar Fugle målar pollen ved Førde sentralsjukehus

MÅLAR POLLEN: Høgt over bakken på sjukehuset i Førde målar Oddvar Fugle pollenverdiane. Dette er den einaste maskina i Sogn og Fjordane som registrer kor mykje pollen som finst i lufta i fylket.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Pollen gjer livet surt for over 900.000 nordmenn. Allergien tok knekken på livsgnisten og humøret for Marit Steiro frå Førde, og løysinga vart å emigrere til Gran Canaria. Ho er ikkje aleine om å plagast.

– Det er faktisk mange som blir plaga av allergien sin heilt frå februar til august. Mange blir veldig sjuke, seier Solheim.

– Lurt å vaske seg ofte

Solheim er overlege på avdeling for øyre, nase og hals på Førde sentralsjukehus. Han fortel at mange blir trøytte og slappe på grunn av pollenallergien.

– Det er ikkje bra for ungdom som til dømes har eksamen. Det er stort fråvær frå både skule og arbeid i desse dagar. Det er mange som har arbeidd ute som faktisk har skifta jobb på grunn av allergien, seier Solheim.

Han seier det er lurt av vaske hender og dusje ofte for dei som er plaga, slik at ein unngår å tørke sveitte og pollen inn i augene til dømes.

– Dersom dei generelle tiltaka ikkje fungerer kan ein nytte medisinar, augedropar og nastespray. Det finst også allergisprøyte, men det er berre dei mest plaga som får dette. Sprøyta fungerer veldig godt, seier Solheim.

Allergi kan ein få heile livet, og Solheim fortel at mange i 30-40-årsalderen har fått pollenallergi.

(Artikkelen held fram under artikkelen)

Illustrasjonsbilde: Pollenallergi

SLIT: Nesten ein million nordmenn er plaga av pollenallergi.

Foto: PELAEZ Julio / PHOTOPQR/LE REPUBLICAIN LORRAIN

Flyktar landet for å leve eit godt liv

Etter år med tett nase, rennande auge og pusteproblem var det nok for Marit Steiro frå Førde.

Pollenallergien tok knekken på livsgnista og humøret. Ho flyktar frå Norge til Gran Canaria i ni veker for å kunne leve eit fullverdig liv.

– Det er fint å vere vekke når eg tenkjer på kva som er alternativet heime. Mi løysing er rett og slett å reise frå heile problemet, seier Steira.

Målar pollen kvar dag

Høgt over bakken på sjukehuset i Førde står den einaste maskina i Sogn og Fjordane som registrer kor mykje pollen som finst i lufta her i fylket.

For dei 900.000 nordmennene som er råka av pollenallergi er det viktig å vite kor tid det er mykje pollen i lufta.

– Det er ein stor del av folket som har plage med pollenallergi. Vi målar for å hjelpe dei som som har det vanskeleg i pollensesongen, seier Oddvar Fugle ved Førde sentralsjukehus.