Hopp til innhold

Polititilsett skal ha krenka og truga ungdom i badeanlegg – vedtar bot på 10.000 kroner

Den tidlegare politileiaren nektar straffskuld, men ønskjer å legga saka bak seg. – Utenkeleg at han mister jobben, meiner forsvararen.

Bergen sentrum politistasjon

TILSETT: Mannen er tilsett i Vest politidistrikt og har tidlegare hatt leiarstillingar i politiet.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

I februar i fjor var den polititilsette mannen på besøk i eit badeland i Hordaland.

Mannen besøkte badet på fritida, og hamna i klammeri med to mindreårige gutar.

Episoden førte til at mannen blei utestengd frå badet og meldt til politiet.

No har den polititilsette fått eit førelegg på 10.000 kroner. Bakgrunnen er eitt tilfelle av kroppskrenking og eitt tilfelle av trugslar, ifølge politiadvokat Ida Frøyen Kostøl.

– Me meiner han har overskridd grensa for det som blir rekna som straffbart. Han har sett fram ein trugsel mot ein gut, som er det berande punktet i denne straffeutmålinga, og så har han fysisk tatt tak i den andre guten, seier Kostøl.

  • Den tilsette i politiet har vedtatt førelegget, men nektar straffskuld. Les hans versjon lenger nede.

Vitne: Skal ha tatt nakketak på ungdom

Ifølge Hordaland Folkeblad, som først omtalte førelegget, skal mannen ha kjefta på ein gjeng med ungdommar som bråka i eit terapibasseng. Ifølge eit vitne skal han ha tatt nakketak på ein av ungdommane.

– Det var nokre ungdomar som dreiv og hoppa i terapibassenget. Mannen reagerte på hoppinga, og gjekk bort til den eine ungdomen. Han tok tak i han, og sette fram ein trugsel mot han, fortel politiadvokat Kostøl.

Deretter gjekk han bort til ein annan ungdom og tok tak i han, slik at han drog eller løfta han ut av bassenget, fortel Kostøl.

Ungdomen skal i samband med det ha sklidd og slått kneet i ein glasvegg. Det gjorde at han fekk eit skrapesår på kneet.

Episoden skjedde fordi den polititilsette tok tak i guten, meiner påtalemakta.

Einar Drægebø

FORSVARAR: Advokat Einar Drægebø forsvarar den polititilsette mannen.

Foto: Kaja Hauge / NRK

– Heilt usamd

Mannen sin forsvarar, advokat Einar Drægebø, seier mannen har ei heilt anna oppfatning av saka. Han fortel at mannen slappa av i badet i lag med nærståande, og at han forsøkte å dempa ein eskalerande situasjon.

– Det var ungdomar som dreiv og hoppa frå kanten på dette bassenget, noko som i seg sjølv ikkje er lov. Ein av ungdomane trefte også min kleint, slik han opplevde det. Han ville då føra ungdomane opp frå bassenget og bort til badevaktene, slik at dei skulle gjera jobben sin, fortel Drægebø.

– Her meiner påtalemakta at han har brukt meir fysisk makt enn han skal. Det er han heilt usamd i.

Mannen har likevel valt å vedta førelegget for å legga saka bak seg.

– Belastninga for mannen og familien blir for stor. Han ønskjer difor å betala førelegget og bli ferdig med saka.

Drægebø er kritisk til at fleire av vitna som mannen meinte ville ha støtta hans versjon, først blei kalla inn over eit halvt år etter episoden.

Videoanlegget, som av tryggingsomsyn er installert i badet, fungerte heller ikkje. Drægebø meiner det ville ha støtta mannen si forklaring til bakgrunnen for episoden.

Han er også kritisk til badevaktene si manglande overvaking av badeanlegget.

– Politiet seier vitneavhøyr blei førande for straffeutmålinga. Korleis forklarar din klient det, dersom han ikkje hadde gjort noko straffbart?

– Fleire av vitna blei avhøyrde først etter at det hadde versert fleire versjonar om dette i avisene. Så er det sånn at ein lett blir påverka av det andre fortel om ein påstått episode. Det er leitt for min klient, men han har kome til at han aksepterer førelegget, utan å vedgå skuld.

Meiner han i dag at han tok for hardt i eller står han for handlinga?

– Han meinte det var naudsynt, for å skapa ro. Ungdomane skal ha uttalt at dei ville sjå kor langt dei kunne dra det før dei blei kasta ut.

Blir vurdert som personalsak

Advokat Drægebø er ikkje uroa for at dette skal få konsekvensar for mannen sitt tilsetjingsforhold til Vest politidistrikt.

– Det er heilt utenkeleg at det skal få ein slik reaksjon for han. Det er ikkje noko rettsleg grunnlag og vil overhovudet ikkje ha noko innverknad på den jobben han gjer. Det er heilt openbert, meiner Drægebø, som tidlegare har vore politisjef i Hordaland.

NRK har spurt leiinga i Vest politidistrikt kva konsekvensar saka vil få for mannen. Politiet vil ikkje kommentera personalsaker.

På generelt grunnlag uttalar seksjonsleiar for HR i Vest politidistrikt, Line Kallestad Jensen, at det ikkje har betydning for vurderinga av ei personalsak om det blir vedteke bot eller ho blir oversendt retten.

– I ei personalsak er det faktum i saka som blir vurdert, det vil seia om den tilsette har opptredd utilbørleg og om åtferda har skada eller brote ned den respekten og tillit som er naudsynt for stillinga eller tenesta, skriv Jensen i ein e-post, formidla gjennom presseavdelinga i Vest politidistrikt.

Ho viser til at kravet om plettfri vandel gjeld ved tilsetting, ikkje allereie tilsette i politiet.

– Det betyr ikkje at me kan seia opp eller avsetta tilsette som i løpet av tilsettingsperioden ikkje har plettfri vandel. I slike saker må me halda oss til vilkåra for oppseiing eller avskjed i statsansattelova.

Vest politidistrikt har enno ikkje hatt personalsaka til behandling.