Hopp til innhold

Politikarane fredar skular

Formannskapet i Eid vil ha slutt på skulestriden i kommunen.

Kjølsdalen skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det har vore tøffe folkemøter etter at administrasjonen føreslo å legge ned to skular i Eid kommune.

LES OGSÅ: Varslar kamp om skulane

Måndag la formannskapet desse planane på is.

- Ikkje politisk vilje

Ordførar Sonja Edvardsen seier skulane på Kjølsdalen og på Haugen framleis skal vere to skular. Og ikkje samanslått med Stårheim skule, slik som administrasjonen tilrådde. Politikarane meiner skulane er viktige verkemiddel for å få folk til å busette seg i kommunen.

- Her er ikkje politisk vilje i Eid til å gå inn og endre skulestrukturen i dag, seier ho.

Nøgd leiar i Kjølsdalen

Leiaren i Kjølsdalen Krins Utviklingslag, Jan Eide, seier seg nøgd med vedtaket til formannskapet.

- Det er to ting som betyr mest for ei bygd, det er ein skule og ei bygd. Heile saka burde aldri vore reist ein gang. Når politikarane gjekk til val før denne perioden, så sa dei at skulestrukturen skulle vere som før, seier han.