Hopp til innhold

Bobbie redda etter dramatisk biljakt

Fleire ungdommar i Florø greidde å sperre ein stolen bil inne. I bilen fann dei kvalpen Bobbie. Tjuvane stal ein annan bil og stakk av.

Bobby etter å ha blitt redda

Her er Bobbie i tryggleik etter å ha blitt redda torsdag kveld.

Foto: Privat

– Alt som betyr noko er å få Bobbie tilbake, og eg er evig takknemleg for all hjelp frå folk, skriv eigaren til kvalpen, Synne Vilnes, i ein kommentar til NRK mens ho er på veg for å hente Bobbie.

Med Bobbie i bilen

Det heile starta då ein bil vert stolen på ALTI Kjøpesenter i Førde i 16:15-tida torsdag ettermiddag. I den stolne svarte Mercedesen låg kvalpen Bobbie på ni veker.

– Eg såg bilen min som vart stolen. Det var to personar i bilen og eg prøvde å få dei til å stoppe, men det gjekk ikkje. Dei fekk panikk og gav full gass. Dei køyrde vekk i full fart. I dramatikken køyrde det på fleire andre bilar, fortel Lindy Vilnes, matbestemora til Bobbie.

Det var dottera hennar som hadde lånt bilen, og som eig Bobbie.

Skadar på bilen

Bilen har synlege skader då den vart funnen.

Foto: Privat

– Vi sette inn ganske store politistyrkar for å leite etter køyretøyet som hadde denne kvalpen om bord, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i politiet til NRK

Klokka 20:15 fekk politiet melding om at ein ny bil var stolen.

– Knytt til dette var denne Mercedesen som vi var på jakt etter, fortel Knappen.

Følgde etter

– Det var dramatisk. Bilen kom i full fart mot oss og snitta meg, seier ein av ungdommane til NRK. Han vil vere anonym i frykt for hemnaksjon frå tjuvane.

Medan ein av ungdommane stod i kø for å kjøpe seg hamburgar i Florø, merka han at bilen hans, ein Mitsubishi Outlander, vart stolen.

Saman med to andre ungdommar kasta han seg inn i ein annan bil for å følgje etter. Kort tid etter så dei Mitsubishien som kom køyrande saman med den svarte Mercedesen med hunden inni.

– Vi klarte å sperre bilane inne. Då hoppa sjåføren i Mercedesen over i Mitsubishien og dei kom i full fart mot oss. Dei stakk av i full fart, fortel guten. Han er letta og glad over at hunden er redda.

Bobby

Bobbie var i fin form etter den dramatiske køyreturen.

Foto: Privat

I kveld stadfestar politiet til NRK at to menn i 30-åra er arresterte, mistenkte for å stå bak tjuveria av dei to bilane. Politiet seier det er mistanke om rus involvert, men vil ikkje seie noko om dette er kjenningar av politiet eller ikkje.

Det vart ein lykkeleg slutt på dramatiske timar, der heile familien har vore ute og leita etter kvalpen Bobbie.