Hopp til innhold

Politiet: – Det er ikkje snakk om valdtekt

Politiet har avslutta etterforskinga etter at dei fekk melding om eit mogleg overgrep på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde natt til tysdag. Saka blir no sendt vidare til Statsadvokaten.

Scandic Sunnfjord Hotell i Førde

ETTERFORSKING: Politiet har sidan tysdag etterforska det dei skildra som ei mogleg overgrepssak på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det er ikkje snakk om ei valdtekt. Det som kan vere det straffbare er at det er seksuell omgang med ein person som er under den seksuelle lågalderen, seier lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, til NRK.no fredag.

Det var avisa Firda som først omtalte kva politiet i Førde har kome fram til i saka dei har etterforska dei siste dagane.

Tysdag ettermiddag stadfesta politiet at dei hadde oppretta det dei kalla ei undersøkingssak etter eit mogleg overgrep på Scandic Sunnfjord Hotel natta før. Politiet gjorde undersøkingar på det som vart omtalt som mogleg åstad, og ein ung mann vart pågripen.

Politiet har i løpet av veka avhøyrt begge partar, i tillegg til fleire vitne. Med utgangspunkt i etterforskinga har politiadvokaten valt å sende saka vidare til Statsadvokaten.

– Den eine parten er under 16 år. Her er det eit moment som går på at dei er jambyrdige i alder. Dette må Statsadvokaten ta stilling til. Vi har sendt saka vidare til dei som vil ta ei vurdering opp mot kor vidt det har skjedd eit straffbart forhold med omsyn til det med jamnbyrdig alder.

Fiske torer ikkje uttale seg om kor lang tid Statsadvokaten vil bruke på å vurdere saka.