Hopp til innhold

Politiet vil ikkje ha naturskjønn

Politiet i Sogn og Fjordane handsama 46 gonger så mange naturskadesaker i fjor som 2010.

Ronny Iden, Johan Brekke og Nils Erik Eggen

PRESENTERTE: Sogn og Fjordane politidistrikt presenterte måndag årsstatistikken for 2011. Her kom det fram at naturskadevurderinga etter uvêret Dagmar tok beslag på mellom 1,5 og to årsverk i politiet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Naturskadevurderingane etter Dagmar tok i fjor beslag på opp mot to av Sogn og Fjordane politidistrikt sine årsverk.

I alt handsama politiet 554 naturskadesaker i fjor. 500 fleire saker enn snittet for dei fem føregåande åra.

– Dette er ei oppgåve som lensmannen er pålagd i dag, og ei oppgåve som eg heilt klart meiner at andre kan handtere slik at vi får frigjort den kapasiteten til politigjeremål, seier politimeister Johan Brekke.

Opp til to årsverk

I ein allereie hardt pressa bemanningssituasjon er politimeisteren lei av å bruke ressursar på det han meiner ikkje er politiarbeid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Orkanskade på skog.

SKADE: Orkanen gjorde skade for kring 60 millionar kroner på skog i landet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dagmar gjorde på landsbasis skade for 60 millionar kroner på skog. Private forsikringsselskap måtte punge ut 1,3 milliardar kroner i forsikringsoppgjer etter stormen.

– Utan å ha noko heilt eksakt tal på det for 2012, så brukte vi mellom halvanna og to årsverk på naturskjønn i kjølvatnet av naturhendinga, seier Brekke.

– Nedprioritere etterforsking

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

LENSMANN: Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy var ein lensmennene som måtte bruke mykje av tida si på å vurdere naturskadar.

– I Nordfjord har det til saman resultert i 350 naturskadar som har oppteke nesten all tida til oss fem lensmennene i Nordfjord i tida som har gått etter 25. juli, fortalde han til NRK.no i mai.

– Det er iallfall eit så stort inngrep i arbeidstida vår at vi har hatt lite tid til å prioritere andre ting, la han til.

Ap ser på ordninga

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

VURDERER: Ingrid Heggø (Ap).

Foto: Bjørn Sigurdsøn. / Scanpix

Og no kan bøna frå politimeister Brekke vere høyrd. For tidlegare medlem i justiskomiteen, stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), seier at dersom dei får det som dei vil, så kan Brekke sleppe å tenkje på naturskadeskjønn i framtida.

– Det blir sett på å ta det vekk frå politiet, av den enkle grunn å frigjere meir politiressursar. Det gjeld ikkje berre det arbeidet, men også andre ting som dei gjer i dag og som har lite med politiarbeid å gjere, seier ho.

Men kven som då skal få jobben, er uvisst.

– Det har vore vurdert fleire, men ein treng ikkje vere politiutdanna for å setje ein takst, avsluttar ho.