Den 46 år gamle kvinna frå Os har vore sakna i Vik i Sogn sidan laurdag.
Politiet har i dag hatt ein gjennomgang av eigen kapasitet til avhøyr og analyse, og Johannessen seier i ettermiddag at dei ikkje vil konkludere i spørsmålet om hjelp frå Kripos før i morgon.
Så langt har det ikkje kome fram nye opplysningar i dei 18–20 avhøyra politiet har gjort.
– Nei, dessverre er det ikkje noko som bringar oss vidare. Derfor er det viktig å kartlegge alle som var i og nær sentrum i den aktuelle tidsperioden. Det jobbar vi med, og har kome ganske langt. Etterforsking og søk pågår parallelt, seier Johannessen.
- Les også:
Held alle moglegheiter opne
Marita Sælen og mannen var ein del av eit følge på 10 personar som var i Vik denne helga. Klokka to natt til laurdag forlèt 46-åringen Dampen pub saman med ein annan mann. Han har forklart at dei gjekk i lag eit kort stykke før Sælen snudde og gjekk attende til puben. Der sluttar alle spor etter kvinna.
- Les også:
Johannessen seier siste sikre observasjon av kvinna er rundt 02.20 ved puben. Politiet har så langt ikkje opplysningar som tyder på at Marita Sælen kan vere utsett for ei kriminell handling.
– Det har vi ikkje, men sjølvsagt må vi også halde den moglegheita open. Det er ein av teoriane. Difor er vi også svært tydelege på at vi driv med både søk og etterforsking, seier Johannessen.
Ber om tips
Politiet er no også i gang med innsamling av informasjon om bevegelsar i sentrum av Vik natt til laurdag, blant anna vil dei gå gjennom overvakingsvideoar. Men dei er framleis interesserte i tips frå publikum.
- Les også:
- Les også:
– Er det nokon som kan sitte på opplysningar så er vi svært interesserte i å kome i kontakt med dei. Sjølv om det kan verke ubetydeleg kan informasjonen likevel vere viktig for etterforskinga, seier Johannessen.
Leitar med uforminska styrke
Kvinna var meldt sakna av mannen laurdag føremiddag. Gjennom heile helga har store leitemannskap søkt i nærområdet, i sjøen og elva. Leitinga held fram i dag med uforminska styrke.
– Per no er det kring 50 personar som er med i leitinga i tillegg til seks båtar og to søkshundar. Det blir kanskje endå fleire utover ettermiddagen. Vi har søkt i sentrum for tredje gong. Det blir og vurdert ein ny runde med dykkarar, seier Johannessen.