Hopp til innhold

Stor politiaksjon i Åsane og Alver

Fleire politipatruljar er til stades i Åsane og i Alver.

Dette etter at politiet fekk melding om ei medvitslaus kvinne i ein bustad klokka 20.25.

Politiet brukar hundepatrulje og politidrone i aksjonen.

– Det er omstende rundt dette som gjer at vi ikkje kan utelukka at kvinna har vorte utsett for noko straffbart, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt til NRK.

Kvinna er køyrt til Haukeland sjukehus. Skadeomfanget et ukjent og omstenda kring hendinga er uklare. Politiet undersøkjer om kvinna er utsett for ei straffbar handling.

– Ingen er pågripne, seier innsatsleiar på staden Tom Johannessen.

Det er også mykje politi i Åsane. Politiet seier dei undersøker fleire ting, men er ikkje meir konkret enn det.

et skilt på et vindu
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK