Hopp til innhold

Politiet leita etter væpna mann i Bergen

Væpna politipatruljar søkte i bustadområda ved Svartediktet. – Det er ingen grunn for publikum å vera redde.

Ransforsøk Stemmeveien i Bergen

JAKTVÅPEN: Væpna politistyrkar leita etter ein mann som var observert med jaktvåpen i buområdet nedanfor Svartediktsdammen i Bergen søndag ettermiddag (arkivfoto).

Foto: Sissel Rikheim/NRK

Ein mann, truleg i 20-åra, vart observert med jaktvåpen i Bjørndalen/Stemmeveien på Årstad i Bergen i 15.30-tida. Han skal ikkje ha vore trugande.

Politiet væpna seg og leita etter mannen, som ikkje var kledd for jakt.

Klokka 16.54 opplyser Brakstad til BT at politiet har avslutta søket.

– Det er ingen grunn for publikum å vera redde, seier operasjonsleiar Tore André Brakstad ved Vest politidistrikt til BA.

– Vi må tenke ut i fra eit verstefalls scenario, men det er også andre teoriar som kanskje er meir naturleg, seier han.

Politiet fekk meldinga klokka 15.47. På eit tidspunkt skal mannen ha lagt våpenet ned i ein våpenbag.

– Det kan ha vort alt frå ein ungdom med luftvåpen med kikkertsikte, til ein som frakta eit våpen på ein klossete måte, seier Brakstad til BA.

Ingen andre har meldt inn observasjonar. Politiet ber om tips frå publikum, og dei oppmodar mannen til å kontakte politiet.