Hopp til innhold

Politiet i Uganda etter­forskar dødsfallet til nordmann som drap

To personar er arresterte og mistenkte etter det politiet meiner er drap på ein nordmann i Uganda. Det stadfestar politiet i landet søndag.

DRAPSETTERFORSKING: Det var i regionen Jinja nordmannen døydde anten 9. eller 10. mars.

Mannen, som opphavleg er frå Noreg, døydde i regionen Jinja i Uganda tidlegare denne månaden.

Han blei frakta til eit medisinsk senter 10. mars av kjærasten og venen, som no er arresterte og mistenkte i samband med dødsfallet. Det går fram i ei pressemelding frå ugandisk politi.

Politiet meiner dei to har prøvd å iscenesetta drapet som sjølvmord. Kjærasten til venen er også etterlyst, ifølgje politiet. Dei fire skal ha budd saman i ein bustad.

Les også Mystisk dødsfall i Uganda – familien til nordmann etterlyser svar

Politikammeret i Bergen. Politihus politi politistasjon politihuset

Henta inn bevis fleire stader

Mannen er opphavleg frå Bergen, men har budd i Uganda den siste tida. Han har også vore busett i Kristiansand.

Ifølgje ugandisk politi er det gjort undersøkingar i bustaden til nordmannen og dei arresterte. Det skal ha blitt henta inn bevis og gjort avhøyr både der og på det medisinske senteret han blei frakta til.

– Motivet for drapet vil bli fastslått i løpet av etterforskinga, ifølgje James Mubi, som er talsperson for politiet i Jinja.

Dei to mistenkte er varetektsfengsla til 31. mars, då dei skal møta i retten igjen, opplyser politiet.

Kripos opplyser til NRK at dei ikkje har noko rolle i denne saka, og viser til ugandisk politi.

Kripos

Kripos har førebels ikkje fått spørsmål om å medverke i etterforskinga.

Foto: Petter Larsson / NRK

Etterlatne i Noreg

NRK har vore i kontakt med dei etterlatne i Noreg, og dei er informerte om at saka blir omtala. Dei har tidlegare fått obduksjonsrapporten frå politiet i Bergen. NRK har også lese rapporten.

Den viser til at dødsårsaka er kveling. Ifølgje rapporten har mannen også verjeskadar, som kan bety at han har forsøkt å gjera motstand.

I tillegg er mannen, ifølgje obduksjonsrapporten, påført fleire andre ikkje-livstruande skadar.

– Obduksjonsrapporten stadfestar vårt verste mareritt, sa søstera til mannen til NRK før drapsetterforsking var stadfesta av ugandisk politi.