Politiet henlegg valdssak mot Djerv-midtstoppar
Politiet har henlagt valdssaka mot Djerv-midtstoppar Hamse Ali, som leverte anmeldelse om rasistisk motivert vald. Det melder BT.
Det er verken vitne, overvakingsbilete eller spor frå åstaden som kan sette politiet på spor av gjerningspersonane, seier politiadvokat Per Øyvind Valland til avisa.
Politiadvokaten understrekar at det Ali fortel er foreneleg med dei skadane han fekk.
Det var førre helg at Ali blei utsett for vald. Han vekk mellom anna hjerneristing, knekt nase og fire tenner slått ut.
Djerv har oppretta ein innsamlingsaksjon for Ali, for å hjelpe med kostnadar knytt til skadane han fekk.
Klokka 12.40 har dei samla inn 118.000 kroner til Ali.