Hopp til innhold

Nokon har vore på innbrotsraid i Nordfjord i løpet av natta

Nokon har i løpet av natt til i dag brote seg inn på minst fire ulike adresser i Eid og Gloppen. Men tjuvane har berre fått med seg småbeløp.

innbrot eid

BRAUT SEG INN: Her på Antonsens jernvarer på Eid var tjuvane inne i lokala, men fann berre småpengar.

Foto: Stig Høynes / NRK

Politiet går no ut og ber publikum om tips etter tre innbrot på Eid og eit på Sandane. På Eid tok tjuvane seg inn i lokala til Antonsens Jernvarer, Nordrikk og Statens Vegvesen.

På Sandane braut dei seg inn i ein gullsmed - utan å stela så mykje som eit gram gull.

– Vi vurderer det slik at det kan vere ein samanheng mellom desse tjuveria, og vi ber no folk som kan ha sett noko mistenkeleg om å ringe politiet, seier politibetjent Kurt Hammerø ved Eid lensmannskontor.

Politiet har førebels kun fått melding om at det er stole noko kontantar, trass at tjuvane har brote seg inn stader der det var betydelege verdiar å hente.

– Det kan verke som om omfanget av skadeverk i dei ulike lokala er eit større tap enn det som er stole, seier Hammerø.

Tjuvane har kome seg inn gjennom vindauge, og har også brote opp dører i dei ulike lokala.

Politiet har i dag jobba med å sikre seg spor etter tjuvane.