Hopp til innhold

Politiet ber folk vere forsiktige

Dei siste dagane har politiet i Sogn og Fjordane fått fleire meldingar frå folk som har blitt kontakta av britiske steinleggjarar. Politiet ber folk vere forsiktige.

Meldingane har kome frå folk i Førde-området, og politiet er no i ferd med å sjekke at arbeidarane det er snakk om har alt i orden.

Det er mistanke om at dei manglar arbeidsløyve, og politiet ber folk om å vere forsiktige med å engasjere desse til å gjere arbeid for seg.

I Fyllingsdalen utanfor Bergen opplevde ein mann for nokre veker sidan at ei gruppe britiske arbeidarar vart trugande då han nekta betale dei kontant, skriv Bergens Tidende. Mannen skulle få huset beisa, men seier arbeidet som blei gjort før dei forsvann var dårleg.

Politistasjonssjef ved Bergen Sør politistasjon, Morten Ørn, seier til BT at det er i år er fleire britiske steinleggjarar enn dei brukar vere. Han seier dei får meldingar om at dei oppfører seg pågåande.

Ole Petter Songve i Skatt Vest opplyser til avisa at dei kjem til å ha fleire aksjonar mot steinleggjarar i tida framover. Han meiner folk må forstå at dei ved å kjøpe slike tenester bidreg til både skatteunndraging og sosial dumping, skriv Bergens Tidende.