Hopp til innhold

Plastpose stengde Naustdalstunnelen

Det var ingen stein som måndag kveld stengde hovudfartsåra mellom sunnfjordbyane Førde og Florø.

Naustdalstunnelen

STENGD: Riksveg 5 var i 40 minuttar stengd mellom Førde og Florø måndag kveld.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det var ein bilist som varsla om det som likna veldig på ein stein i vegbana på riksveg 5 i Naustdalstunnelen.

Også entreprenøren var sikker på at det var ein stein. Heilt til han skulle plukke den opp frå vegen.

– Det viste seg å vere ein plastpose, opplyser Alarmsentralen i 23.20-tida.

Då hadde tunnelen vore stengd sidan klokka 22.42.