Hopp til innhold

Planlegg storsøk etter sakna mann i Flora

Politiet og Røde Kors planlegg eit større søk etter mannen som i 11 dagar har vore sakna i Flora.

Leiteaksjon Flora

STORSØK: Politiet og Røde Kors Hjelpekorps vil laurdag gjennomføre eit større søk etter den sakna mannen i 50-åra i Flora. – Det er uvisst kor mange frivillige vil ha behov for, men dette er noko Røde Kors organiserer, seier politistasjonssjef Wenke Hope i Florø.

Foto: Røde Kors

– Kystvaktskipet Tor har søkt i Høydalsfjorden sidan før helga. Vi skal ta ei oppsummering når søket er ferdig i dag og sjå om dei blir med vidare, seier stasjonssjef ved Flora politistasjon, Wenke Hope.

Mannen har vore sakna sidan 23. mars etter at skjergardsjeepen hans vart funnen drivande ved Osstrupen bru i Høydalsfjorden . Politiet meiner mannen var ved Osstrupen bru for å arbeide på seglbåten hans.

Kystvakta har sidan før helga søkt på overflata i fjorden. Store mannskap, redningshundar, drone, undervassbåt og sonar har førebels ikkje gjeve politiet noko svar.

– Det er krevjande når folk forsvinn på sjøen. Det er vanskelege søkeforhold, det har vore uvêr og straumar i sjøen slik at det er vanskeleg å vite kvar den sakna kan ha tatt vegen, seier Hope.

Politiet meiner mannen har omkome, men trappar opp søket kommande helg.

– Førstkommande laurdag planlegg vi eit større strandsøk i samarbeid med Røde Kors Hjelpekorps. Dette søket skal vil planlegge i kveld, seier Hope.