Hopp til innhold

Petter og 37 andre sat i bussen som velta på Hemsedalsfjellet: – Folk datt oppå kvarandre

Dei 38 passasjerane som sat fast i den velta bussen er no komne trygt ned frå fjellet. Hemsedalsfjellet er stengt som følge av ulukka.

Petter Jonsbråten Zachariassen

DRAMATIKK: Petter Jonsbråtan Zachariassen var om bord i bussen som velta på Hemsedalsfjellet.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Etter ein fleire timar lang redningsoperasjon på Hemsedalsfjellet er alle dei 38 passasjerane ute av bussen og på veg ned til Håbakken Kafe i Lærdal.

Ein av dei som sat på bussen var Petter Jonsbråtan Zachariassen. Han fortel om kaotiske tilstandar då bussen velta.

– Folk datt frå seta og oppå kvarandre. Ho ved sida av meg datt skikkeleg og fekk ei stong i bakhovudet, seier Petter Jonsbråtan Zachariassen.

Slik såg det ut på innsida av bussen som velta på Hemsedalsfjellet.

Han fortel at dei mista all sikt då dei kom opp på fjellet og deretter køyrde av vegen.

– Då kjente vi at vinden tok tak i bussen og at vi kom til å velte, seier han.

Innsiden av bussen på Hemsedalsfjellet

Slik såg det ut på innsida av bussen som var velta.

Foto: Petter Jonsbråtan Zachariassen

Jonsbråtan Zachariassen fortel at fleire var i sjokk etter velten.

– Det var heilt stille først, så begynte vi å prate med kvarandre og sjekke at alle hadde det bra. Heldigvis var det ingen som var alvorleg skadd.

Renee Pang var også på bussen, og ho frykta det verste då bussen tippa over.

– Eg er glad vi overlevde, det er det viktigaste, seier Pang.

Rundt kl. 20 har passasjerane fått i seg mat og fått varmen i kroppen igjen, før dei skal reise vidare. Vy har sat opp ny transport som skal hente dei på Håbakken i Lærdal.

Politiet seier dei kjem til å opprette sak etter ulukka.

Passjerane i bussen på Håbakken.

Dei første passasjerane er framme på Håbakken kafe der dei får varmen i seg og mat.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Blei evakuert i puljar

Passasjerane om bord i bussen blei evakuert i to puljar av naudetatane sine køyretøy.

Kl. 18.20 meldte politiet at dei siste 15 personane var på veg ned frå fjellet.

Frå før er 23 passasjerar blitt evakuert i brannvesenet sine køyretøy.

Dei 23 passasjerane blei køyrd vestover mot Breistøl før dei blei køyrd vidare til Håbakken kafé der kommunen har oppretta ein opphaldsstad for dei evakuerte.

Kl. 17.18 meldte Vest politidistrikt at dei siste 15 personane er klar for neste runde med evakuering.

– Det er ingen som er alvorleg skadd. Nokre er forslåtte og har smerter her og der, men ingen blir sendt til legevakt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Bussvelt Lærdal

Naudetatane har fått henta ut fleire av passasjerane som sat fast i bussen på Hemsedalsfjellet.

Foto: Jan Christian Jerving

Politiet har vore i kontakt med sjåføren som er ein mann i 50-åra og det skal ikkje ha vore panikk om bord i bussen.

Dei evakuerte er venta å vere framme på Håbakken i Lærdal kl. 18, tre timar etter at bussen velta.

Naudetatane melder å ha god kontroll på staden, trass vanskelege vêrforhold.

– Naudetatane har gjort ein strålande innsats, seier Kolltveit.

Tok folk ut av bakruta

For å passasjerane ut av bussen knuste redningspersonellet bakruta på bussen.

– Det gjekk fint føre seg. Folk var greitt kledde til å takle vinden, seier bilbergar Anders Frydenlund.

Litt over klokka 18 reiste alle naudetatar og bergingspersonell frå Hemsedalsfjellet.

Ein tom buss var alt som stod igjen på fjellet.

– Den skal eg hente seinare i kveld, seier Frydenlund.

Ingen alvorlege personskadar

Politiet fekk melding om uhellet like før klokka 15 måndag ettermiddag.

Bussen velta og ligg på sida i Mørkedalen, mellom Borlaugkrysset og Hemsedalsfjellet. Den ligg med dørene ned.

Det er ikkje meldt om alvorleg skadde, men nokre av passasjerane skal vera forslått og ha smerter i kroppen, melder Vest politidistrikt.

Bussvelt Lærdal

Bussen ligg på sida like ved hovudvegen.

Foto: Jan Christian Jerving

Lærdal kommune har sett krisestab.

Fjellovergangen blir stengd til tysdag klokka 07, melder Statens vegvesen.

– Bussen skal først ha køyrt i grøfta, så tok vinden tak og velta den delvis over på sida, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen.

Bussen er ein dobbeltdekkar frå Vy som var på veg frå Oslo til Førde.

Buss har velta på Hemsedalsfjellet.

Ressursar er på veg inn i området no, men det er krevjande forhold på Hemsedalsfjellet måndag.

Foto: Jan Christian Jerving

Krevjande forhold på fjellet

Klokka 1645 meldte politiet at dei skulle førebu evakuering av passasjerane.

Bussar og minibussar står klare og politiet har rekvirert to beltevogner som er på veg mot området.

Johannesen i politiet seier det er vanskelege vêrforhold på fjellet.

– Det er rett ut utrivelege forhold i området: Middelvind på 18 sekundmeter og sterke vindkast på opp mot 30 sekundmeter, det er snø og sjølvsagt kaldt, seier Johannessen.

Politiet har kontakta Hovudredningssentralen i Sør-Noreg for å få berga ut personane i bussen.

– Betyr det Norsk Folkehjelp eller Røde Kors Hjelpekorps?

– Vi har kopla på ein ekstrabuss for å få den inn i området, men vi kan ikkje setje vår lit til at det går. Simultant tenkjer vi redning med dei ressursane, ja.

Har sett krisestab

Lærdal kommune har sett krisestab som følge av bussvelten.

– Me har gjort klart til å ta imot passasjerane i ein kafé. Me reknar med at me får dei ned til dalen i løpet av kort tid, seier ordførar Audun Mo.

– Kafeen er god og varm og der skal også passasjerane få mat, legg han til.

Velten vart meldt i ei trippelvarsling via AMK. Naudetatane er på veg frå begge sider av fjellovergangen.

– Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, men enkelte er truleg lettare forslått, seier Johannessen.

Pressevakt Siv Egger Westin hos Vy seier ein buss er sendt til staden for å frakte passasjerane vidare til Førde.

Bussen har velta nær Eldrevatnet i Mørkedalen mellom Borlaugkrysset og Hemsedalsfjellet.