Person knivskadd i Bergen

Ein person er blitt skadd med kniv i ein bustad i Fana bydel i Bergen. Politiet kom raskt til staden og har kontroll på den mistenkte. Den fornærma blir teken hand om av helsepersonell medan politiet jobbar på staden med vidare undersøkingar.