Person funnen omkomen i sjøen

Ein 61 år gammal islandsk statsborgar er stadfesta omkomen etter at han fall overbord frå ein fraktebåt i Selje måndag ettermiddag.

Fall over bord

Ein mann fall overbord frå ein fraktebåt i Selje.

Foto: MMS- Erik Hove

Ifølgje Hovudredningssentralen på Sola fall mannen overbord frå båten utanfor innløpet til Moldefjorden like utanfor Selje i Nordfjord. Båten med eit mannskap på tre personar, var på veg til Selje for å losse. Mannen vart meldt sakna like før klokka 14.

- Mannen vart meld sakna då båten skulle inn til Selje. Mannskapet oppdaga at han ikkje lenger var på båten. Det er ingen som veit når mannen fall av, får NRK opplyst ved Hovudredningssentralen på Sola.

Kraftig nedkjølt

Mannen vart like før klokka 15 funnen mellom øyane Selja og Barmøy i Røysetfjorden like utanfor Selje. Då hadde totalt seks båtar leita etter mannen. Han vart lokalisert av eit redningshelikopter. Mannen vart teken ombord i redningsskøyta Halfdan Grieg. Mannen var då kraftig nedkjølt.

- Vi starta hjarte- og lungeredning medan vi køyrde til sentrum av Selje, der helikopteret landa. Ein lege kom ombord og stadfesta ganske raskt at mannen var død, seier skipper Per Bergmann.

Ikkje redningsvest

Den omkomne hadde ikkje overlevingsdrakt på seg. Bergmann trur mannen ville overlevd med redningsvest.

- Hadde han hatt redningsvest så ville han truleg overlevd. Frå vi fekk melding til han var ombord i båten vår, så gjekk det kring 25 minutt. Det kan hende han hadde vore berga, seier han.

Det er ikkje kjent kva omstende som gjorde at mannen fall overbord. Saka blir etterforska vidare av lensmannen i Selje. Båten er eigd av eit reiarlag i Troms.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.