Hopp til innhold

Persa med 15 kilo - men det heldt ikkje til medalje

Kim Andre Blikås (23) persa med 15 kilo i senior-VM i styrkeløft i Sør-Afrika. Men det heldt ikkje til medalje.

Kim Andre Blikås

NYE MÅL: Kim Andre Blikås satsar mot EM og VM neste år.

Foto: privat

– Eg hadde mål om bronse, men det var eit vanvitig høgt nivå. I grunnen gjekk løftinga veldig bra, så eg er likevel nøgd med det, seier Blikås frå Førde.

Laurdag løfta han for medalje i senior-VM i Potchefstroom i Sør-Afrika. Det enda med ein 8. plass totalt.

Han noterte seg for 250 kilo i knebøy, 190 kilo i benkpress og 307,5 kilo i markløft.

– Totalt vart det 747,5 kilo. Eg persa med 15 kilo i knebøy, fem kilo i benkpress, men så låg eg fem kilo under persen i markløft, fortel Blikås.

Må opp mot 800 kilo

Den nesten 93 kilo tunge styrkeløftaren heng ikkje med hovudet av den grunn.

– Eg har all grunn til å vere nøgd med innsatsen. Det er to månadar sidan eg kvalifiserte meg, så dette er i grunnen bra, seier Blikås.

Neste år er det både EM og VM, og det er dei store måla.

– Så får eg sjå om eg melder meg på noko nordiske meisterskap no til hausten. Målet er å byggje seg opp til dei store meisterskapane neste år, seier Blikås.

For å kjempe heilt i toppen må han opp mot 800 kilo totalt, og det trur han er mogleg å få til.

– Det betyr at eg må opp 50 kilo, og det bør vere innan rekkjevidd, seier Blikås.

Må planleggje maten nøye

Han trenar totimarsøkter seks gonger i veka, og ligg ikkje på latsida. For skal ein nå slike hårete mål, må det haugevis med trening til.

– Det er verdt det, og det er utruleg kjekt, seier Blikås.

Kim Andre Blikås klar for styrkeløft VM i Sør-Afrika

TIDKREVJANDE: Kim Andre Blikås trenar seks gonger i veka for å bli blant verdas sterkaste.

Foto: Privat

Men det er ikkje berre treninga som må stemme hundre prosent for at resultata skal komme. Også matinntaket må følgje ein nøye oppsett plan.

– Eg må ete vanvitig mykje protein på ein dag, og det er ganske mykje stress. Men eg har eit opplegg. Og så gjeld det å planleggje alt dagen før, slik at ein slepp å kave med å lage til mat etter trening, seier Blikås.

8.-plassen i VM ser han på som motiverande for vegen vidare.

– Ser ein på resultatlista, så er det ganske jamt frå 3. til 8. plass. Det er knappe 40 kilo som skil totalt, seier Blikås.

Takkar kompisane for støtta

Han rosar kompisane Ola Røyrvik, Ole Arvid Jensen Nyland og Mats Daniel Skrede som er med og trenar.

– Det betyr utruleg mykje. Utan dei hadde det ikkje vore like kjekt, seier Blikås.

Også trenar Alexander Kirketeig skal ha sin del av æra for at Blikås presterer som har gjer i dag.

– Han har hjelpt meg utruleg bra, utan at han får noko som helst att for den jobben han gjer, så det set eg utruleg stor pris på, seier Blikås.

La idretten på hylla ei stund

Allereie som 15-åring fekk han auga opp for styrkeløft, og han var med på fleire NM som ungdom. I 2010 toppa det seg med deltaking i både nordisk meisterskap, EM og VM.

Men så la han satsinga på hylla.

– Eg hadde ikkje motivasjon lenger, fortel Blikås som no vel å gle seg over at han allereie er tilbake på det nivået han var då han gav seg.

For om lag fire år etter at han sist var med på eit VM, er han tilbake på podiet. I fjor sommar vart han utfordra av Kirketeig. Dette enda med at han med berre nokre få månaders trening stilte på junior-NM, og han beit kraftig frå seg.

– Eg hadde ikkje trent noko særleg, men eg trente med dette stemnet som mål, og hamna til slutt berre 2,5 kilo bak gullvinnaren i klassen, fortel Blikås med eit glis.

I kampen om gullet miste han 312.5 kilo ned på tærne, men til alt hell gjekk det ikkje verre enn at han var tilbake i trening kort tid etterpå.