Per Grieg senior er død
Grieg Gruppen melder fredag at Per Grieg senior er død. Han blei nesten 92 år og leda milliardkonsernet Grieg Gruppen fram til 1999. – Per var ein varm og klok mann som sette djupe spor i mange av oss. Vi har mista ein kjær kollega, leiar og venn, står det i ei pressemelding. Verksemda har i dag meir enn 1600 tilsette over heile verda, skriv selskapet.