Pengestøtte til industrikultur

Riksantikvaren har gitt 58 mill kr til istandsetting og vedlikehald av 19 utvalde tekniske og industrielle kulturminne. Over 12 mill går til Vestland: Odda smelteverk (7,5 mill) og Tyssedal kraftstasjon (biletet) i Ullensvang, Salhus tricotagefabrik (3,8 mill) i Bergen, og totalt 610.000 kr til Hagevik tønnefabrikk i Kinn, Nes gardssag i Kvam og Sellevåg treskofabrikk i Gulen.

Tyssedal kraftstasjon
Foto: Fredrik Eriksen / Riksantikvaren