Hopp til innhold

Paratuberkulose påvist i Sogn

Den frykta sjukdommen var vekke lenge. No er paratuberkulosen tilbake på kyr.

Ku

Illustrasjonsfoto

Foto: Line Oftedal Pedersen / NRK

- Det var mistanke i mai om at det var paratuberkulose på den aktuelle kyra. No har me fått påvist at det var tilfelle, seier Marianne Aas, førsteinspektør i Mattilsynet i Indre Sogn.

Diagnose tek lang tid

Til no er det berre påvist smitte på eitt av dei 29 dyra i buskapen på Veitastrond. Det har så langt ikkje vore råd å kome i kontakt med eigaren, men garden der smitten er påvist er no bandlagd, det vil seie at innført forbod mot kjøp, sal og flytting av dyr.

Eit av problema med paratuberkulose er at det tek lang tid å få stilt ein diagnose.

Nabogardane får svar seinare

Arbeidet med å kartlegge kven som har vore kontakt med den smitta besetningen er no i gang. Sist gong partuberkulose vart påvist på kyr i Norge var i Sogndal i 2003.

Den gong førde det til at 15 gardsbruka blei bandlagde blant anna på Veitastrond. Bonde Jimmy Hilleren seier stemninga no er ei anna, og han fryktar ikkje smitte sjølv om sjukdommen er påvist hjå ein av naboane.

- Me har teke blodprøve på alle kyrne i besetningen vår, og ingenting tyder på at me har smitte.

- Men det er ikkje endeleg avklara?

- Resultata av avføringsprøvane avgjer endeleg kor vidt det er smitte eller ikkje, og dei får me ikkje før i november-desember.

Dyra døyr alltid

Paratuberkulose er ein kronisk tarmsjukdom hjå drøvtyggar, som det ikkje finst behandling for.

Omfattende forsking har ikkje vist noko årsakssamanheng mellom paratuberkulose hos drøvtyggarar og sjukdom hos menneske, men sjukdomen er alvorleg for dyr som blir smitta. Særskild geitebestandar har vore plaga med parasjukdom.

Uansett dyr, gjev den seg utslag i kronisk diare og gradvis avmagring. Til slutt døyr dyret om det ikkje blir avliva.