Hopp til innhold

For andre gong på eit halvt år står denne familien utan barnehage

Familien er fortvila over at dei mistar sin andre barnehage på seks månader. Frp meiner dette berre er starten på mange nedleggingar av private barnehagar.

Barnehage vert lagt ned

NY RUNDE MED TILVENNING: Malene Alsaker og Jonas Klemetsen må snart senda dottera (2) i sin tredje barnehage på kort tid.

Foto: Olav Røli / NRK

Oline (2) hadde berre så vidt starta i private Fjellheim Fus friluftsbarnehage då sjokkmeldinga kom i slutten av januar.

Den populære friluftsbarnehagen med plass til 44 barn vert lagt ned til sommaren.

Grunnen er dårleg økonomi, ifølgje kjeda sjølv.

Og fleire barnehagar står no i fare, ifølgje Monica Johnsen i Fus-barnehagane.

Årsaka er låge tilskot, hevdar dei. Kjeda driv 184 barnehagar over heile Noreg.

Me vart lei oss, sinte og fortvila

Malene Alsaker mamma til Oline (2)

Barnehagepolitisk talsmann i Frp, Himanshu Gulati, meiner det som skjer på Fitjar berre er starten på ei rekkje nedleggingar av barnehagar i heile Noreg.

– Dette er ein varsla katastrofe, hevdar Gulati.

Barnehage vert lagt ned

Friluftsbarnehagen har vore populær for foreldre. Men i juni er det slutt.

Foto: Olav Røli / NRK

Har mista ein tredjedel av plassane

For både tilsette, foreldre og Fitjar kommune slo nyheita om friluftsbarnehagen ned som eit sjokk.

I løpet av seks månader har Fitjar kommune mista ein tredjedel av alle sine barnehageplassar.

Før jul la Årskog Barnehage SA ned drifta si etter mange år med økonomiske problem.

Og når den private friluftsbarnehagen legg ned frå sommaren vil det plutseleg vera 55 barnehageplassar mindre i kommunen.

Foreldre fortvilar

For Oline, mamma Malene og pappa Jonas Klemetsen, er dette ekstra tungt.

I januar 2023 starta nemleg Oline i Årskog barnehage. Der fekk ho gå i eitt år, før det vart ny barnehage.

Og ikkje før ho var ferdig med tilvenninga, kom beskjed om ny nedlegging.

Årskog barnehage, Fitjar. Lagt ned

I over 30 år vart det drive barnehage her. Men før jul i fjor var det slutt for den familiedrivne barnehagen.

Foto: Olav Røli / NRK

– Det er trist og frustrerande for alle ungane, men ein tenkjer jo spesielt på vår eiga som akkurat har vore igjennom det same, seier Jonas Klemetsen.

– Me tenkjer jo ungane våre som aldri skal få ein fast kvardag, seier Malene.

Barnehage vert lagt ned

Malene Alsaker og Jonas Klemetsen er fortvila over at dottera ikkje får faste rammer å halda seg til.

Foto: Olav Røli

Sett kommunen i vanskeleg situasjon

Foreldrerepresentant og trebarnsmor, Silje Johansen, har sonen Lauritz Ulversøy (5), i Fjellheim barnehage.

Ho har også ein son som skulle byrja i barnehage til hausten.

1. mars går søknadsfristen ut til nytt barnehageopptak.

– Dette stressar oss foreldre unødvendig, og det stiller kommunen i ein vanskeleg situasjon, meiner Johansen.

Silje Johansen, og Lauritz Ulversøy. I Fjellheim Fus Barnehage, Fitjar

Silje Johansen med sonen Lauritz. Ho har også ein son som skal starta i barnehagen i haust. Kvar er førebels uvisst.

Foto: Olav Røli / NRK

Frp: – Fryktar fleire legg ned

Monica Johnsen i FUS-kjeda har ikkje svart NRK på spørsmål om økonomien i Fjellheim Fus friluftsbarnehage.

Men i 2022 hadde eit underskot før skatt på minus 188.243 kroner, ifølgje offisielle rekneskap.

Barnehage vert lagt ned

Nærleik til naturen og store uteområde har fått mange foreldre til å senda ungane sine til denne barnehagen. Men frå sommaren er det slutt grunna dårleg økonomi.

Foto: Olav Røli / NRK

I 2022 vart det lagt ned 106 barnehagar ifølgje SSB. 99 av dei var private.

Barnehagepolitisk talsmann i Frp, Himanshu Gulati, meiner dette er ein konsekvens av regjeringa sin politikk.

– Ein stor del private barnehagar slit allereie med økonomien. Og me fryktar endå fleire private barnehagar kjem til å leggja ned, seier Gulati.

Barnehage vert lagt ned. Lauritz Ulversøy fortviler

Lauritz Ulversøy (5) likar seg godt i friluftsbarnehagen.

Foto: Olav Røli

Full strid om ny barnehagelov

Monica Johnsen i FUS skriv til NRK at om tilskota held fram med å vera låge, vil det same skje andre stader.

Overskota i private barnehagar er nemleg på full fart nedover.

Det same er talet på nyfødde i Noreg.

Frp etterlyser no same medisin som barnehageforliket i 2003.

Det same gjer Høgre.

– Eit føreseieleg barnehagetilbod krev også at det er føreseieleg for dei som driv barnehagane. Difor ynskjer Høgre eit breitt barnehageforlik som står seg over tid, og som vil komma alle barn og familiar til gode, skriv Kari- Anne Jønnes (H).

Nyleg har forslag til ny barnehagelov vore ute på høyring.

Der har det komme inn tusenvis av høyringssvar.

Gulati i Frp er mellom dei som meiner regjeringa driv ein ideologisk kamp mot dei private, nok som vert avvist av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er sjokkert. Fordi opposisjonen, og særlig Høyre, mener regjeringen er i ferd med å strupe de private barnehagene. Og fordi særlig Erna Solberg har sagt at foreldre ikke lenger vil kunne velge om de vil ha barna i private barnehager. Bare tull, ifølge Nessa Nordtun.

Høyr debatten om ny barnehagelov i politisk kvarter 1. februar 2024.

Kunnskapsdepartementet: Dette vil sikra dei små barnehagane

SV er mellom dei partia som støttar lova.

– Ny lov vil sikra tryggleik for foreldre og barn, skriv Grete Wold, utdanningspolitisk talsperson i SV.

Statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap) seier til NRK at meininga med lovforslaget er nettopp å styrka kommunane sin moglegheit til å sikra dei små barnehagane.

Anten dei er private eller kommunale.

Ifølgje Mjeldheim Skaar er ikkje dette lov per i dag.

Med fallande fødselstal meiner Mjeldheim Skaar det er behov for ny lov som skal sikra at både private og kommunale barnehagar vert behandla likt.

– Difor er det behov for eit godt regelverk som gjer at Fitjar og andre kommunar kan halda oppe ein fornuftig og god barnehagestruktur for foreldra og ungane, seier ho.

Ho legg til at det er kommunane som til sjuande og sist må sikra nok barnehageplassar.

Barnehage legges ned, Fjellheim FUS

Friluftsbarnehagen i Fitjar ligg i landlege omgjevnader. Kunnskapsdepartementet meiner

Foto: Olav Røli / NRK

Kommunen fekk beskjed over natta

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) seier avgjerda kom nærmast som eit sjokk.

– Me kan ikkje mista så mange barnehageplassar. Og no må me snu oss rundt og skaffa ei løysing, seier ho.

Men likevel lovar ho at kommunen skal klara å skaffa ei løysing, både mellombels og permanent.

Barnehage vert lagt ned. Wenche Tislevoll, ordførar Fitjar

Ordførar Wenche Tislevoll i Fitjar kommune fekk beskjed nærmast over natta om at ein av barnehagane i kommunen legg ned.

Foto: Olav Røli / NRK

Katrin Innvær Ankervold, hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet i Fitjar, er kritisk til prosessen.

– Dei burde i større grad ha varsla om problema slik at kommunen kunne ha teke grep tidlegare, seier ho.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.