Hopp til innhold

Nilsen blir ny Brann-trenar

Tidlegare Hødd-trenar Lars Arne Nilsen reiste til Bergen fredag for å forhandle om den ledige trenarjobben i Brann. No er han samd med klubben.

Lars Arne Nilsen

SUKSESSTRENAR: Lars Arne Nilsen frå Sotra førte Hødd opp i 1. divisjon på første forsøk og vann cupen i 2012.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Brann stadfesta fredag kveld at Lars Arne Nilsen blir trenar for klubben ut sesongen.

Brann har vore på trenarjakt sidan dei sparka Rikard Norling tidlegare denne veka. Ønsket har vore å ha på plass ein trenar innan kampen mot Follo måndag.

Fram til no har det vore assistenttrenar Robert Hauge som har hatt trenaransvaret.

Tok cupgull med Hødd

Den 51 år gamle Sotrastrilen brakte suksess til fotballaget Hødd tilbake i 2012. Då tok han laget heilt til cupfinalen på Ullevaal og vann sensasjonelt NM-gullet.

Då hadde han allereie ført klubben frå 2. til 1. divisjon på første forsøk. Men i 2013 slutta han og har vore utan trenarjobb sidan då.

Han har tidlegare uttalt eit sterkt ønskje om å vera trenar for Brann.

– Viss Brann kontaktar meg nokon gang, slepp eg det eg har i hendene og stiller på dagen, sa han til Bergens Tidende i april.

Imponerande meritter

Brann skriv på nettsida si, at Nilsen har mange gode evner.

– Vi trur Lars Arne Nilsen og Brann kan bli ein god match frå første dag. Han har gitt oss eit godt innblikk i korleis han tenkjer som fagmann, og vi likar ideane hans. Det han fekk til som Hødd-trenar var imponerande, og vi meinar heilt klart at han er mogen for ei så stor oppgåve som den vi no har gitt han, seier sportssjef Rune Soltvedt til Brann.no.