Hopp til innhold

Kyrne frå Gloppen trivst godt med stølsliv i Eid

LOTSSTØYLEN (NRK): Då Egil Fjellestad frå Gloppen fekk sjansen til å sende mjølkekyrne til seters, lét han seg ikkje be to gonger.

Ranveig Årskog og Egil Fjellestad setrar på Lotsstøylen

BYTER: Ranveig Årskog (t.v.) og Egil Fjellestad byter på fjøsstellet på Lotsstøylen. – Her har kyrne det veldig bra, seier Fjellestad.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg er veldig nøgd. Slik det ser ut no, og om alt lagar seg, så blir vi her neste år også, seier mjølkebonden frå Fjellbygda.

– Harmonisk

Egil Fjellestad har kyrne på Lotsstøylen i sommar

MJØLKAR: Egil Fjellestad håpar han også neste sommar får sende kyrne sine frå Fjellbygda på Sandane til Lotsstøylen i Eid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

På Lotsstøylen, 430 meter over havet ved Lote i Eid, har 32 kyr frå tre buskapar i Eid og Gloppen levd livet i sommar. Og det er Fjellestad som saman med Ranveig Årskog byter på å ta fjøsstellet.

Det er Årskog sine forfedrar som på 1960-talet byrja å byggje opp stølen. Første mjølkeår på setra var 1971. På 1960- og 1970-talet vart marka dyrka opp. Her har det aldri vore slått.

– Det er veldig harmonisk her oppe, seier Fjellestad.

Kyrne trivast

Julie, Marte og Noah skal bli bønder når dei blir store, seier dei

BONDESPIRER: Julie, Marte og Noah vil bli bønder når dei blir store.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Men dei som trur at seterlivet på Lotsstøylen er av det gode gamaldagse slaget kan tru om att. Rett nok beitar kyrne på eit godt opparbeidd beite, men dei blir ikkje mjølka for hand. Åtte kyr i slengen blir mjølka i mjølkemaskina. Og så kjem tankbilen.

Kyrne frå Fjellbygda i Gloppen ser ut til å trivast høgt på beiteområdet på stølen over Nordfjorden.

– Kyrne trivast veldig godt her oppe. Dei er friske og i kjempeform. Eg er litt overraska over kor bra med mjølk det blir i høve til kraftformengda vi nyttar. Dei held produksjonen i fjellbeitet, seier Fjellestad.

Trend med stølsliv

– Dei mjølkar på god utsikt, skjønar du, skyt Årskog inn.

Når dagane er så fine som dei er no, er det ingenting å seie på stølslivet. Då finn både dyr og menneske roa. Og det er noko stadig fleire ynskjer seg.

– Då vi skulle bestille ny mjølketank fekk vi beskjed om at det var større press på tankar no fordi fleire vil starte opp att med stølsdrifta. Det er den bonderomantikktrenden som slår til, seier Årskog.

– Men er det ikkje litt gamaldags?

– Eg oppfattar det ikkje slik, men det er sikkert nokre som tykkjer det.