På denne bussen kan sjåførane stoppe trafikken

I dag blei Noregs lengste bussar sett i trafikk i Bergen. Med seg får sjåførane noko andre berre kan drøyme om.

Megabussen blir satt i rute

MEGABUSS: Sidan bussane er ekstra lange, blir bussane utstyrt med ein fjernkontroll som gjer at sjåførane kan forlenge det grøne lyset ved krysset på Kronstad.

Frå i dag kan ein sjå dei 24 meter lange megabussane snike seg gjennom brusteinskledde gater i Bergen.

Medan vanlege leddbussar er på 18 meter, er dei nye bussane heile 24 meter lange. For å sikre at heile doningen skal komme seg over bybanesporet i tide, blir sjåførane utstyrt med fjernkontroll for å stoppe trafikken.

Bussjåfør som kjører buss

GRØNT LYS: Dei nye bussane blir utstyrt med ein fjernkontroll av dei sjeldne. Med den kan sjåførane forlenge det grøne lyset ved bybanestoppet på Kronstad.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Med desse kan sjåførane forlenge det grøne lyset ved bybanesporet på Kronstad. Alle sjåførane har også fått ekstra opplæring, sidan bussen har setet på midten, ei uvant stilling for sjåførane, seier kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer.

Skyss har fått innvilga løyve frå Vegdirektoratet til å køyre megabussane på linje ni og linje to i Bergen.

– Sjølv om bussane er lange, trur me dei skal gå fint i trafikken. Me har gått nøye gjennom traseane og alle punkta det er spesielt krevjande å køyre forbi, seier Dreyer.

LES OGSÅ: No har gigantbussen kome til i Bergen

Noregs fyrste hybride gassbuss

passasjer megabuss

FYRSTE TUR: Fylkesordførar Tom Christer Nilsen er storfornøgd med dei nye megabussane.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Dei to bussane kan ta heile 150 passasjerar. Ikkje berre er dei Noregs lengste, det er også dei fyrste hybride gassbussane i landet. Det finst berre 17 hybride biogassbussar i verda. 15 av desse kom til Malmö i mai i år.

Sjåfør Hans Petter Rosvold sat bak rattet på opningsturen i dag.

– Den tek mindre plass enn ein leddbuss i svingar og er ikkje vanskeleg å køyre. Skilnaden er at ein må hugse på at ein har 24 meter å køyre med, seier Rosvold.

Med på den fyrste turen med megabussen, var også fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen.

– Me trenger fleire plassar til kollektivreisande. No testar me den fyrst ut på linjene me har god kapasitet på. Men me har også bestilt lengre bybanevogner, så eg trur folk vil bli vande med litt lengre køyretøy i trafikken, seier Nilsen.

Ikkje mogleg å kjøpe billett om bord

Bussane som skal gå i trafikk på linje ni mellom Festplassen og Kronstad og på linje to mellom Strandgaten og Birkelundstoppen, har til saman ein prislapp på 20 millionar kroner. Transnova og EU delfinansierer innkjøpet, medan Hordaland fylkeskommune betalar halvparten av summen.

Det er ikkje mogleg å kjøpe billett om bord på maksibussen. Passasjerar må difor ha gyldig billett før dei går på.

Kjempebussen ved Fisketorget

GOD KAPASITET: Dei nye bussane har ein praktisk kapasitet på 105 passasjerar, og ein teoretisk kapasitet på 150.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK