Hopp til innhold

Øygarden kommune har sett krisestab

Øygarden kommune sette krisestab etter at dei fekk melding om helikopterulukka av politiet rundt klokka 20.30, seier ordførar Tom Georg Indrevik til NRK.

– Vi hjelper politiet med det dei har behov for. Så er det slik at det er hovudredningssentralen som handterer dette. Vi overvakar situasjonen og ventar og ser kva politiet har behov for frå oss, seier Indrevik.

Ordføraren opplyser at dei no har trekt tilbake ein del personell frå brann og helse som var sendt ut til vestsida av kommunen.

– Det er klart at denne type meldingar er forurolegande og eit sjokk. Eg var sjølv varaordførar under den store helikopterulukka ved Turøy. Vi håper at det har gått bra med alle, men det veit vi ikkje enno. Vi lever av oljeinstallasjonane og har mange som kjenner folk som jobbar der ute, eller sjølv jobbar der. Det er nok mange som er urolege no.