Hopp til innhold

Overlege vil vaksinere russen

Overlege Synne Sandbu rår vårens russ til å vaksinere seg mot smittsam hjernehinnebetennelse.

Rolig russefeiring

HJERNEHINNEBETENNELSE: Kombinasjonen tett samvær, festing og lite søvn gjer deltakarar på russefeiring meir mottakelege for meningokokkbakterien enn elles og har større risiko for å utvikle alvorleg sjukdom.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Tett samvær med andre, festing og lite søvn gjer ungdom på russefeiringa meir utsett for sjukdomen enn andre.

Synne Sandbu, overlege Folkehelseinstituttet

VAKSINE: Synne Sandbu, overlege ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Anne Linn Ensby

Dei siste to åra er det registrert 13 tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse som kan koplast til russefeiringa. Om ein først blir smitta, er det ti prosent sjanse for å døy av sjukdomen.

– Tidlegare hadde vi ei vaksine mot fire meningokokkgrupper, som ikkje var så veldig god. No har vi fått ei mykje betre som vi rår folk til å ta før dei skal til med russefeiringa, seier overlege Synne Sandbu i Folkehelseinstituttet.

16 dødsfall på fem år

16 personar har siste fem åra døydd som følgje av smittsam hjernehinnebetennelse. Ein av fem personar, som er i alderen 15 til 20 år, var russ.

Sandbu understrekar at tilrådinga om å vaksinere seg også gjeld andre ungdomar enn russen.

– No er det vel mange andre ungdomar som festar og feirer med russen, så det kan vere aktuelt for andre enn berre dei som er russ, seier ho.

Slik vil dei nå ut

Kommunane sjølve må avgjere korleis vaksineringa skal organiserast.

Fagleiar ved Helsestasjonen i Førde, Lillian Vassbotn, har allereie planane klare for korleis dei skal nå ut til ungdomen.

– Vi kjem nok truleg til å gå ut gjennom skulehelsetenesta med ei oppmoding til russen om å vaksinere seg. Det blir sikkert mest praktisk å lage vaksinasjonsdagar ute på dei einskilde skulane, seier ho.

– Vil vurdere, men...

Kostnaden på kring 500 kroner må ungdomane ta sjølve. Likevel er dette noko russen vil vurdere, fortel Håkon Ullebø, Ingrid Riisnes og Kristine Kjøsnes i Førde.

Dei treng likevel litt meir overtyding før dei let seg stikke i armen.

– Om sjansen ikkje er så stor, og ein kan gjere andre tiltak, så trur eg mange vil prioritere det først, seier Ingrid Riisnes.