Hopp til innhold

Dømd til fengsel i sju år og seks månader for langvarig overgrep mot stedotter

Ein mann frå Sogn og Fjordane er dømd til fengsel i sju år og seks månader for langvarig seksuelle overgrep mot ei tidlegare stedotter. Mannen varslar at han vil anke saka til Gulating lagmannsrett.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Ein mann i 30-åra er i Fjordane tingrett funnen skuldig i langvarig overgrep mot si tidlegare stedotter.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 30-åra må i tillegg betale 300.000 kroner i oppreisningserstatning til jenta. Overgrepa skjedde over ein periode på seks år.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem 45 dagar varetektsfengsling.

– Tiltalte har på det grovaste utnytta sin omsorgsrelasjon til XX, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Var under ti år

Overgrepa starta då jenta var under ti år, og vart først oppdaga etter fleire år då jenta for første gong fortalde det til vaksne personar.

Mannen skal ifølgje dommen ha truga med å gje henne mindre gåver/pengar om ho ikkje medverka til overgrepa.

– Når tiltalte i tillegg har sagt til fornærma at ho ikkje fekk lov til å fortelje andre om det ho vart utsett for, står fram tiltalte sin handlemåte som særskilt manipulerande og kynisk, skriv Sælen.

– Sjeldan streng straff

Ingvild Thorn Nordheim

AKTOR: Ingvild Thorn Nordheim seier overgrepssaka er sjeldan alvorleg for å vere i Sogn og Fjordane.

Foto: Terje Reite / NRK

Retten fann det bevist at jenta vart misbrukt på det grovaste og meinte overgrepa vart gjort på ein særskilt krenkande måte og hadde likskapstrekk med valdtekt.

Aktor, Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim, seier det er ei sjeldan straff og ei sjeldan alvorleg overgrepssak mot born i Sogn og Fjordane.

– Vi har slike saker frå tid til annan, men det er klart at dette er ei alvorleg sak og høg straff. Ein del av overgrepa skjedde etter ei straffeskjerping i 2010, så straffa er nok ein del strengare enn ein del av dei andre tilsvarande sakene ein har hatt, som då gjerne er eldre, seier Nordheim.

Misbrukt i eiga seng

Overgrepa skal ha funne stad familien sin eigen heim. Hovudsakleg når det ikkje var andre til stades. Jenta skal også ha blitt misbrukt i si eiga seng.

Det vart ført 11 vitne i rettssaka som nyleg gjekk i Fjordane tingrett. Jenta fortalde sjølv detaljert om fleire av overgrepa. Retten såg vekk frå at overgrepa var oppdikta eller oppkonstruert som ledd i ein hemnaksjon.

– Det har vore ei tøff sak, men min klient er blitt trudd fullt ut for si historie. Det var det viktigaste for min klient, seier hjelpeadvokat Sidsel Rustad.

Fann DNA-spor

Politiet vart kontakta same dag som jenta fortalde om overgrepa. På bustaden vart det gjort fleire beslag. På kleda og på mannen vart det også gjort funn av DNA-spor frå jenta.

Tiltalte nekta straffskuld i saka, og hevda spora var planta og hadde smitta over på naturleg måte som til dømes ved toalettbesøk. Legar ved Barneklinikken i Bergen konkluderte derimot med at jenta var utsett for langvarige overgrep.

Ivar Hauge (advokat)

FORSVARAR: Advokat Ivar Hauge seier klienten hans vil anke saka.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein sakkunnig i saka meinte jenta var påført posttraumatisk stressliding og at dette mest truleg kjem frå overgrep.

Thorn Nordheim seier det er sjeldan ein får DNA-spor i slik type saker.

– Det har med å gjere at ofte blir overgrepet meldt lenge etter at det har skjedd. Her skjedde overgrepa nesten fram til saka vart kjendt for politiet. Då lukkast ein med å få DNA-treff, seier Thorn Nordheim og rosar politiet for etteforskingsarbeidet.

– Kor avgjerande var DNA-spora i saka?

– Saman med andre bevis er dei med å byggje oppunder jenta si forklaring på kva som har skjedd.

– Seier det noko om kor viktig det er å melde frå tidleg når overgrep skjer?

– Det styrkar i alle fall politiet sin moglegheit for å innhente tekniske spor at ein får beskjed like etter at det har skjedd. Det viser denne saka tydeleg.

Avviste skuldingane

Forsvarar hevda på vegner av mannen at det var usannsynleg at overgrepa fann stad. Ikkje minst fordi det var stor fare for at overgrepa ville bli oppdaga. Retten såg vekk frå dette.

Det var derimot ingen tvil om at det i løpet av dei første åra utvikla seg eit nært forhold mellom jenta og mannen, som for henne vart ein farsfigur og tillitsperson.

Forsvarar Ivar Eivind Hauge seier klienten hans vil anke. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 45 dagar varetektsfengsling.

– Han fastheld at han er uskuldig. Dette er ei sak som har så høg strafferamme at den slepp igjennom til lagmannsretten utan siling. Så den vil komme opp uansett om han ankar, seier Hauge.

– Ei tøff oppgåve

Fengselsstraffa er i samsvar med påstanden frå påtalemakta, medan oppreisningserstatninga er 150.000 kroner lågare enn påstanden frå jenta sin hjelpeadvokat. Jenta sin hjelpeadvokat Rustad er likevel nøgd.

Ho seier saka har vore blant dei tøffaste ho har vore med på.

– Eg har vore borti alvorlege saker før, men dette er den alvorlegaste med overgrep mot born. Det er rimeleg tøft og ei vanskeleg oppgåve å vere bistandsadvokat då, seier Rustad.