Hopp til innhold

Ottar Befring er død

Jølstringen Ottar Befring døydde 9. oktober. Det melde Romsdals Budstikke torsdag. Befring vart fødd i Stardalen i Jølster 1939. Han hadde ei rekke offentlege verv, og var politikar for Arbeidarpartiet.

Han var kommunepolitikar i Jølster, fylkestingspolitikar i Sogn og Fjordane og tidlegare statssekretær i Landbruksdepartementet. Mellom 2002 og 2009 var han fylkesmann i Møre og Romsdal.

Han var mellom anna også styreleiar i Sogn og Fjordane teater.

Gravferda finn stad i Molde Domkirke fredag 27. oktober.

OB