Hopp til innhold

Oter på hagebesøk

Forrige laurdag fekk Dagfinn Nyhammer på Sandane eit litt uvanleg hagebesøk. For då han gjekk ut for å ta bilde av nokre flotte mørke sommarfuglar, fekk han ein heilt annan skapning i linsa si.

Oteren som kom på besøk i hagen
Foto: Dagfinn Nyhammer

Han bur i Åsen, eit bustadfelt langt frå både elv og sjø. Det er kanskje ikkje den mest opplagde plassen for ein oter, 4-500 meter frå Gloppeelva og 70 høgdemeter oppe.

Eg var inne i huset for å hente eit fotoapparat, for det var så mykje fint å ta bilete av i hagen, og då eg kom utatt og runda hushjørnet, såge eg ein krabat som kom over vegen, opp på tomta. Det var nesten som då eg var liten og fekk fisk på kroken, eg tok til å skjelve, det var nesten slik no og.

Dagfinn Nyhammer trudde fyrst det var ein mink som var på ville vegar, men etter at den svarte skapningen kom hoppande inn i hagen, var det ikkje lenger tvil om kva dyr det var.

- Eg fekk teke bilete av han, men eg tenkte eg ville ta fleire, så då oteren for opp i neste hage fylgde eg etter, eg såg vel ut som ein tulling som for rundt i hagane til folk. Men etter at eg hadde snakka med fleire naboar, viser det seg at det ikkje var så spesielt med oter i hagen, for det var fleire som hadde hatt besøk.

- Oteren var nysgjerrig og ikkje redd. Eg var på åtte-ti meters hald, og det var ikkje noko som tyder på at eg skremde han, fortel Dagfinn Nyhammer.

Og viltkonsulent Hermund Mjelstad kan stadfeste at det ikkje er så uvanleg at oteren oppsøker tettbygde område.

- Han leitar nok etter mat, det er det primære for han, han ser nok helst etter smågnagarar..