Hopp til innhold

Ingen veit kvar Åsmund (18) er

18 år gamle Åsmund Tveten vart sist sett i Oslo på laurdag. Politiet trur han kan ha tatt toget til Bergen.

Tveten sakna i bergen

SAKNA: Ingen veit kor det Åsmund Tveten (18) er. Tilsette ved XXL-butikken i Åsane (raud ring) har tipsa politiet at han var innom butikken måndag.

Foto: NRK/Privat

Politiet gjekk i dag ut med melding om at ein 18 år gamal gut frå Oslo er sakna. Åsmund Tveten har vore sakna frå heimen sidan laurdag 22. mars, der han sist vart sett klokka 13.00.

I ei pressemelding skriv politiet at Tveten kan ha tatt toget til Bergen på ettermiddagen laurdag. Men dei har også opplysningar om at han kan ha tatt toget frå Oslo til Tolga (Rørosbanen) på søndag.

BT: – Tok ut 25.000 kroner

Bergens Tidende skriv at 18-åringen tok ut 25.000 kroner før han sette seg på toget til Bergen. Søndag kveld var mobiltelefonen aktivert i nokre sekund i Åsane, ifølgje avisa.

– Det er ingenting som skulle tilseie at han vart vekke. Det kom brått på for familie og vener. Vi forstår ikkje kva som har skjedd, men det er mogleg at han har eit ønske om å skjule seg eller forsvinne, seier Anders Oksvold i saknagruppa i Oslo politidistrikt til BT.

Handla sportsutstyr

Politiet fortel vidare at dei har hatt kontakt med tilsette på XXL-butikken i Liamyrane tysdag. Dei har tipsa om at 18-åringen var i butikken deira måndag.

Der skal han ha handla mat og utstyr for kring ei veke, ifølgje politiet, som går ut med opplysningane i samråd med familien.

– Vi har fått informasjon om at han har handla på XXL og tatt ut forskjellig utstyr. Han kan jo ha flytta seg raskt. Vi leiter i heile bergensområdet, og har gitt patruljane opplysningane, seier operasjonsleiar i Hordaland, Preben Wallestad.

Ber om tips

Politiet ber også om hjelp frå publikum og at spesielt turgåarar held auga opne.

– Om folk ser ein person som stemmer med opplysningane, så må dei tipse Oslo-politiet. Alle tips og opplysningar er av interesse.

18-åringen er 183 cm høg og har mørkt, halvlangt, brunt hår. Då han forsvann skal han ha hatt på seg ein raud North Face allvêrsjakke med merket KLP Eiendom, blå Adidas joggebukse og brune støvlettar.

Politiet kan tipsast på telefonnummer 02800.