Måken er aktiv og høglydt, til glede for nokon, men til irritasjon for andre.
No når våren endeleg er her, er også måkene tilbake. I det siste har nymotens fugleskremsel, eller skremmefuglar, kome på mange hustak.
Svarte plastfuglar og fargerike plastdrakar er mellom det norske huseigarar håpar skal skremme vekk måkene.
Men ornitolog Arild Breistøl i Norsk Ornitologisk Foreining meiner det er lite vits i å bruke pengar og tid på å montera denne typen fugleskremsel på taket.
– Måkene flytter seg anten over til nabotaket, eller så forstår dei fort at skremmefuglane ikkje er ekte, og blir verande, seier han.
Smarte
Ornitologen har registrert at stadig fleire industribygg dei seinare åra har fått montert plastfuglar på taket. Men fiskemåkene, som kan leve i inntil 33 år, lærer fort.
– Ei måke som blir utsett for angrep av ekte rovdyr heile tida, vil sjå raskt forskjell på ekte dyr og plast. Dei er veldig smarte, og det tar ikkje lang tid før dei lærer seg det, seier Breistøl.
Han har sjølv observert eit tilfelle der måker etter berre tre-fire timar forstod at ei plastdrake berre var juks.
- Les også:
Kopierte nabobygga
– Eg synest skremmefuglane fungerer, seier Tore Rise, driftsleiar i MNG Holding, som eig eit bygg i Fabrikkgaten i Bergen.
Han seier det var eit «sirkus» kvart einaste år når måkeungane sprang rundt på parkeringsanlegga og måtte haldast unna bilar, folk og trafikk.
– Det vart så plagsamt at vi måtte gjere tiltak, og kopierte nabobygga. Vi bestilte eit par «drakar», og vi synest det har fungert bra, seier Rise.
Laga reir av plastslangar
Mange båteigarar brukar også falske slangar på dekk for å skremme bort måkene, men ornitologen meiner også det er eit dårleg val.
– På eit tak på Forus i Stavanger enda det med at ei sildemåke bygde reir av slangane. Det var visst perfekt reirmateriale, seier han.
– Men kva kan ein då gjere for halde måkene borte?
– Det er ikkje lett, men eit godt råd er toleranse. Det er berre i ein kort periode du kan oppleve hekketida. Stopp opp og kikk nærare på dei. Dei er ikkje lette å fjerne på nokon måte, konkluderer Arild Breistøl.