Hopp til innhold

Ørn drap jakthund

Helge Fuglestrand leitte i tre dagar etter jaktterrieren sin. Då han fann hunden letta ei ørn frå kadaveret.

Helge Fuglestrand

Helge Fuglestrand leitte i tre dagar før han fann igjen jakthunden sin - drepen av ørna.

Foto: jan nik. hansen

- Eg såg han ikkje, men truleg kryssa ein hjort rett framfor oss. Hunden rangerte spontant og reiv bandet ut av handa og stakk av for å følgje sporet, fortel Helge Fuglestrand om treningsturen han hadde med hunden sin i april til Firda Tidend.

Han skulle aldri sjå att jakthunden han hadde så store forhåpningar til i live.

- I ettertid trur eg han var daud berre nokre få minutt etter at han stakk av, seier Fuglestrand.

Leitte i tre dagar

Han leitte i tre resultatlause dagar, mellom anna ved hjelp av sporhund. Han hadde håpa hunden skulle dukka opp att av seg sjølv, men håpet svann gradvis.

- Tredje dagen fann eg hunden i Kyrkjeteigane i Kandalsstranda litt aust for Kjørvika, berre 6-700 meter frå der eg miste han. Då eg nærma meg letta ei kongeørn frå kadaveret, fortel Fuglestrand til lokalavisa.

Sikker på at det var ørn

Han meiner ørna var meir enn ein åtselfugl i denne samanhengen. Fuglestrand er overtydd om at det var ørna som drap Parson Jack Russelterrieren han hadde brukt så mykje tid på å trene opp til hijakt.

- Kadaveret ville ha sett annleis ut om det var ramn eller kråke som hadde forsynt seg. Hjorten kunne også ha sparka hunden i hel, men det er lite truleg, seier han.

Ørneklør

Tysdag denne veka vart kadaveret undersøkt av rovviltkontakt i området, Jarle Hervik, og konklusjonen var klar.

- Det er spor frå ørneklør på eine sida og spor etter hakking og riving på den andre sida av kroppen, konstaterer han og viser til at der klørne har gått gjennom skinnet er det tydelege teikn etter blod.

- Det viser at dyret var i live då det skjedde, seier Hervik til Firda Tidend.