Hopp til innhold

Ordførar: - Eg har ikkje ord

Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal er djupt skaka over busskapringa der tre personar er blitt drepne. – Eg har ikkje ord, seier han.

Pårørandesenter i Årdal/Arild Ingar Lægreid

PREGA: Ordførar Arild Ingar Lægreid seier kommunen gjer det dei kan for å hjelpe dei pårørande og andre som er berørte. Det er oppretta eit krisesenter på samfunnshuset.

Foto: Alf Vidar Snæland

Tre personar er stadfesta drepne etter at Valdresekspressen vart kapra på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin måndag kveld i 17.30-tida. Brannvesenet var første naudetaten på staden og fekk pågripe ein mann i 30-åra. Mannen er ikkje etnisk-norsk.

I Årdal har kommunen sett kriseteam og oppretta eit pårørandesenter. Eit titals personar er no på plass på samfunnshuset. Ordføraren seier dei gjer det dei kan for å hjelpe dei pårørande.

– Dette er ei grusom hending og det har vore ein uverkeleg kveld. Tankane mine går no først og fremst til dei pårørande. Vi gjer det vi kan for å hjelpe dei.

– Det er forferdeleg at noko slikt kan skje

– Kva tenkjer du om at noko slikt kan skje i din kommune?

– Eg har ikkje ord ... Eg er overraska, og det er forferdeleg at noko slikt kan skje, seier han.

Både prest, sjukepleiarar og politi er på plass for å støtte opp om dei pårørande og andre som er berørte av den tragiske hendinga.

– Eg kalla saman krisemannskap med ein gong eg fekk kjennskap til hendinga. No må vi jobbe inn mot dei som er pårørande i denne forferdelege situasjonen. Dei er førsteprioritet, seier Lægreid til NRK.no.

Valdresekspressen har oppretta eit informasjonssenter som pårørande og berørte av busskapringa mellom Årdal og Tyin kan kontakta. Nummeret er 61 36 59 00.

Årdal kommune sitt pårørandesenter er etablert i samfunnshuset på Årdalstangen og har telefonnummer 57665221.