Hopp til innhold

Ordførar med sommarjobb på biblioteket

I Vågsøy har dei fått eit flunkande nytt og fint bibliotek, men det nye biblioteket stod i fare for å bli sommarstengt. Då tok ordførar Kristin Maurstad affære og steppar inn som sommarvikar.

Kristin Maurstad

MED HJARTE FOR BØKER: Vågsøyordførar Kristin Maurstad har fått seg sommarjobb som bibliotekar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg diskuterte litt med kulturleiaren, og fann ut kva veker dette galdt. Sidan eg var i Måløy, og ikkje hadde så store planar, tilbaud eg meg då å vere bibliotekar, seier Maurstad.

Det var Fjordenes Tidende som først fortalde om sommarjobben til Vågsøy-ordføraren. Maurstad skal jobbe halve dagen som ordførar og vier resten til bibliotekar-jobben, slik at biblioteket kan halde ope sommaren igjennom.

– Eg trur det skal gå bra. Eg har fått god opplæring, i tillegg så har eg norsk- og litteraturutdanning, så eg trur eg skal meistre det faglege også, seier Maurstad.

Med hjarte for biblioteket

– Vi må hjelpe kvarandre der det er naudsynt, og så har eg eit stort hjarte for biblioteket. I tillegg er eg stolt over det vi har fått til, så det var lett å seie ja.

I Vågsøy har dei så vidt fått tatt det nye biblioteket i bruk, men allereie no merkar dei effekten av at dei har flytta frå eit kanskje litt bortgøymt lokale, til ei meir sentral plassering i sentrum.

– Besøkstala har auka kraftig. Besøket var veldig godt den første veka fordi folk var nysgjerrige, men besøket har halde seg høgt. Så dette var det heilt tydleg behov for. Her har vi lyse flotte lokale, med lesekrokar og eige lydavdeling, seier ein stolt ordførar og sommarvikar.

Skil mellom rollene

Vanlegvis kimar telefonen til ordføraren nesten ustanseleg, men dei dagane ho skal vere på biblioteket set ho telefon på lydlaus og prioriterer lånekundane.

– Eg har sagt at eg er tilgjengeleg for ein prat som ordførar også på biblioteket, men det er klart at dersom det kjem nokon for å låne bøker så er det prioritert. Då får dei pent vente, dei som vil prate med ordføraren.

– Kva tilbakemeldingar har du fått?

– Eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå folk i gata. Eg trur folk tykkjer det er litt kjekt at vi klarar å oppretthalde tilbodet sjølv om det er sommar, og at vi som politikarar kan bidra til det, seier Maurstad.