Ordførar med gullhelsing

– Eikanger-Bjørsvik sine to framføringar vil bli snakka om dei neste dagane, i heile Europa, overalt, sa styreleiar Stig Ryland i sin helsingstale til medlemmene etter vinnarkåringa laurdag kveld. Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes gratulerer gullvinnarane i ei helsing i Avisa Nordhordland. «Gullkorpset, gullaget, dei beste i Europa og i verda forøvrig. Dokker e best, dokker klarte det».

Eikanger-Bjørsvik vant EM
Foto: Eikanger Bjørsvik Musikklag