Heimelaga leverpostei
1 kg svinelever
1/4 kg svinekjøt
400 g spekk
100 g løk
15-20 stk ansjosfiletar
100 g smør
Mal dette saman på 3mm kvern. Så lagar du kvit tjukk saus av desse ingrediensane:
100 g kveitemjøl
5-6 ts salt
1 ts peppar
1 ts allehande
4 egg
1 liter mjøl
Bland alt saman godt og ha i formar. Set det i vassbad i omlag 1 1/2 til 2 timar på 160 grader. Server dagen etter med rista sjampinjong og litt bacon.
Lammerull
Svangen av lam
salt
pepar
hakka løk
gelatinpulver
Rull saman og ha netting rundt.
Kok rundt kokepunktet i 1 1/2 til 2 timar.
Press den og så er den klar til servering dagen etter.
Sursild
3 dl 7% klar eddik
12 sildefiletar
3 dl farin
6 dl vatn
1 pk sursildkrydder
6 middels store løk
Om du vil kan du legge filetane ein halv time i mjølk for å få mildare smak. Skyll dei i kaldt vatn og tørk dei. Bland eddik, sukker og vatn. Rør til sukkeret er oppløst.
Kutt ein del av filetane i fine skrå gaffelbitar og legg dei lagvis i ei krukke med løk og sursildkrydder.
Hell lake på silda og la krukka stå på kjøkkenbenken natta over, slik at laken får trekke godt inn. La krukka stå kaldt til du skal servere.
Sylteflesk
1/2 Svinehovud
300-400 g kalvekjøt/svinekjøt
Allehande
Nellik
salt og pepar
kanskje litt ingefær
Ha grisehovudet i vatn i minst eit døger.
Kok hovudet i to og ein halv time.
Legg det i press.
Klar til servering dagen etter.
Reinsk hovudet og legg det i vatn i minst eitt døgn. Legg hovudet i kokekaret med beinsida ned. Fyll på kokande vatn, med 1 ts salt pr. liter, til det står så vidt over hovudet. Kok i 2 – 2 ½ time etter storleiken på hovudet. La kalvekjøtet koke med den siste timen.
Ta hovudet opp i ei langpanne. Skjær av svoren og lausne kjøt og flesk frå beina. Fjern årer og etlar. Skjær kjøtt og flesk i strimlar.
Vri syltekledet opp i varmt vatn, og legg det i ei form. Legg kjøt og flesk lagvis med salt og krydder imellom. Brett kledet fast og jamt rundt, sy med lange sting, og knyt for begge endane med bomullstråd. Legg sylta i den kokande krafta, og la det trekke i 15-20 minutt.
Legg sylta i press til neste dag. Smak på. Er den for lite salt så legg i syltelake 2-3 døgn.
Bland 1 liter vatn med 150 g salt og rør til saltet er oppløyst.