Hopp til innhold

Pendlarveg vert opna att - oppryddingsarbeidet har starta

Vegen mellom Førde og Askvoll som har vore stengd sidan laurdag kveld er opna att.

Heilevang

FLEIRE RAS: Strekninga har vore prega av fleire ras. På grunn av rasfaren dei siste dagane har vegen vore stengd.

Foto: Patryk Smørdal / NRK

Fylkesveg 609 mellom Stongfjorden og Førde har vore stengd grunna rasfare ved Heilevang sidan 22. februar klokka 20.15.

– No har oppryddingsarbeidet starta og vegen vil bli opna om ikkje altfor lenge, seier Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Like etter klokka 16.30 melder Vegtrafikksentralen at vegen er opna att.

Det var kome ned fleire småras på vegen då Vegvesenet vurderte strekninga i dag tidleg.

– Det har no vore opphald ei stund og rasfaren er difor ikkje lenger stor, fortel Erikstad.

Desse vegane er stengde:

  • Fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik er stengd grunna stort jord- og steinras – ny vurdering tysdag.
  • Riksveg 13 Vikafjellet er stengd grunna rasfare – blir ikkje opna i dag
  • Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland – stengd grunna fare for ras.
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – stengd grunna fare for ras.

I løpet av dei tre siste åra har det gått 46 ras på strekninga mellom Førde og Askvoll. Ei arbeidsgruppa jobbar for å få tunnel på strekninga, og sist veke tok dei fleire politikarar med på synfaring slik at dei med eigne auge kunne få sjå området.