Hopp til innhold

Oppryddinga held fram – E39 opnar torsdag

E39 mellom Førde og Skei i Jølster vert opna for fri ferdsel torsdag. Statens vegvesen opplyser at det er god framdrift i oppryddingsarbeidet.

Opprydding på E39

OPPRYDDING: Vegen nedanfor Årsetelva på Vassenden er E39 nesten ferdig rydda. Onsdag kveld jobba mannskapa med å grave opp elveleiet slik at vatnet igjen kan fløyme under brua.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Arbeidet går godt, så vi kjem til å opne E39 i løpet av torsdag, men vi veit ikkje når på dagen det vil skje, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen Svenn Egil Finden til NRK litt før klokka halv ti onsdag kveld.

E39 er alt open for fri ferdsel mellom Svidal og Skei. Torsdag ettermiddag vart det køyrt ei kolonne med innesperra bilar frå Vassenden, aust for Årsetgrova, til Svidalsneset. Dermed fekk dei innesperrane bilane kome seg ut av rasområdet.

Kolonnekøyring til Skei og Moskog

Klokka 21 onsdag kveld vart det køyrt ei tilsvarande kolonne frå Vassenden direkte til Førde, sidan raset i Movika også er rydda.

Kolonnekøyringa blir sett opp for å få ut bilane som er innesperra og sleppe igjennom dei evakuerte som kan reise heim att.

Det vart også køyrt kolonne frå Vassenden mot Skei klokka 22 onsdag kveld. Reporter Linda Olin Reite var på Vassenden i 21-tida der ho snakka med politiet og dei som dirigerer trafikken. Då var det fleire titals bilar som venta. Blant desse var det evakuerte og folk som ufrvilling var blitt innesperra.

Kolonnekøyring

KOLONNEKØYRING: Kolonnekøyring for innesperra bilar mot Førde onsdag kveld.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Det er brua over Årsetgrova ved Vassenden sentrum og ein vegskråning ved Grimsbø, mellom Vassenden og Førde, som er dei største utfordringane for vegvesenet.

Usikre på brua

Ved Årsetgrova på Vassenden jobbar i kveld tre gravemaskiner med å grave ut elveleiet slik at elva igjen kan passere fritt under brua.

– Vi veit enno ikkje kor skada brua er og om den er sikker nok til å sende trafikk over. Ved Grimsbø er vi i ferd med å sikre ein skråning som har rasa ut. Her veit vi ikkje kor tid vegen er sterk nok til at vi kan sleppe på tyngre køyretøy, sa Lars Erik Karlsen til NRK onsdag ettermiddag.

Ras på Jølster

STORE SKADER: Mellom Vassenden og Førde har E39 også fått store skader, som her ved Grimsbø.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Om det lukkast Vegvesenet å opne E39 torsdag kan det vere aktuelt med såkalla styrt trafikkavvikling på enkelte parti. Det vil seie bruk av til dømes trafikklys der vegbana er smalare enn normalen.

– Krevjande oppryddingsarbeid

Avdelingsdirektør for vegavdelinga i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden, seier til NRK at oppryddingsarbeidet er godt i gang, men at det er svært krevjande fleire stader på E39.

– Det er store jordmassar som skal vekk. Vi har hatt synfaring med helikopter, geolog og NVE på Jølster i dag og sett at det ikkje er fare for nye ras i dei områda der det har gått ras, seier Finden.

Han påpeikar at vêret vil vere stabilt framover. Svidalsneset skal vere rydda. Det vil stå att ein del arbeid, men der er mogleg å passere.

– På sørsida av Jølstravatnet er det litt meir usikkert. Der er mykje blaute massar. Geolog har vore på staden i dag, men vi vil ta ei ny vurdering i morgon, ifølge Finden.

Opprydding på E39

UTFORDRANDE: – Oppryddingsarbeidet er utfordrande fleire stader, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

I Hyen føregår oppryddingsarbeid for fullt. Vegen vert ikkje opna i dag. Dette vil bli vurdert utover kvelden og i morgontimane.

– Vegen blir stengt i natt. Det er viktig at dei som jobbar med å utbetre skadane får jobbe i fred. Då vil vi kome langt, seier Finden.

Finden oppfordrar folk til å følgje med på Vegvesenet si nettside for meir informasjon.

Slik er status på dei stengde vegane i kveld:

  • E39 Førde – Skei: Blir ikkje opna i dag. Opprydding er i gang på fleire punkt. Mykje masse skal ryddast bort, men det ser ut som om bruene har klart seg. Ny status på opning blir sendt ut i morgon.
  • Fv. 451 Vassenden – Kjøsnes: Blir ikkje opna i dag. Rasområdet er framleis ustabilt, kanskje rydding i morgon.
  • Fv. 491 Ommedal: Blir ikkje opna i dag. Tverrelva bru er heilt borte. Brua blir erstatta av midlertidig løysing av betongkulvertar og steinmasse i morgon, slik at ein får forbindelse til dalen. Rydding pågår i dag lenger inn i dalen.
  • Fv. 615 Storebru-Sandane: Blir ikkje opna i dag. Framkomst frå Storebru forbi Hyen til raset ved Brødrene Aa.
  • Rv. 13 Moskog-Gaularfjellet: Opnar i kveld etter flaum ved Holsen. Rasmasse blir graven vekk og elva ført bort frå vegen. Blir kunngjort på vegvesen.no/trafikk
  • Trafikken på E39 blir framleis omdirigert via Vadheim, Høyanger, ferja Dragsvik-Hella og rv.5 Sogndal-Skei.
  • Det blir sett inn ekstra avgangar på Dragsvik-Hella også i natt.