Hopp til innhold

Lokalavisene tener mindre

Fleire av lokalavisene i Sogn og Fjordane taper inntekter for kvart år som går.

Lokalaviser i Sogn og Fjordane

NEDGANG: Lokalavisene merkar på inntektene at stadig færre les aviser.

Foto: Rune Fossum / NRK

For sjølv om lokalavisene held betre stand enn riks- og regionpressa, merkar også dei at stadig færre les papiraviser.

– Men det er klart at utviklinga i det digitale er ein tankevekkjar og ein må sjå på løysingar for framtida også som lokalavis, seier dagleg leiar Magne Nesheim i Fjordabladet på Nordfjordeid.

Schibsted slit

Overskotet vart skarve 13.000 kroner i fjor. Likevel skildrar Nesheim økonomien som relativt stabil. Det er langt meir enn ein kan seie om Schibsted-konsernet som denne veka varsla drastiske sparetiltak i fleire av landets største aviser.

Fleire av landets største regionaviser må til saman kutte 400 millionar kroner dei neste to åra.

–Vi har sagt til dei tilsette at vi små snu alle steinar. Vi må også sjå på distriktskontora, dei er ikkje skjerma i denne prosessen, fortalde redaktør i Bergens Tidende, Trine Eilertsen.

(Artikkelen held fram under tabellen henta frå purehelp.no)

Inntekter/resultat for lokalavisene (i millionar kroner)

  Aviser

2009

2010

2011

 

Inntekter

Resultat

Inntekter

Resultat

Inntekter

Resultat

Firda

76.225

10.605

75.941

9.427

74.223

5.727

Firda Tidend

 0

 0.006

 0

 0.006

 0

 0.002

Firdaposten

21.337

1.580

21.535

1.887

21.713

2.097

Fjordenes Tidende

18.331

1.204

18.912

1.740

20.724

1.708

Fjordingen

17.330

1.214

17.672

2.123

18.260

1.224

Fjordabladet

9.599

0.141

9.833

0.188

9.715

0.013

Sogn Avis

44.208

2.048

44.468

3.543

4.616

2.031

Ytre Sogn

3.866

0.036

4.777

0.349

4.744

0.036

Felles i heile landet

Lokalavisene har så langt merka mindre til konkurransen frå nettet, men også i fjor opplevde fleire aviser i fylket nedgang i årsresultata.

Firda Media A/S hadde resultatnedgang før skatt frå 11,9 til 7,2 millionar kroner. Mykje skuldast kostnader knytt til kutt og omstillingar i 2011, og at 2012 ser bra ut.

Likevel stadfestar dagleg leiar, Rolf Årdal, at fallande inntekter har vore trenden dei siste åra.

– Dette er felles i heile mediebransjen i heile Norge, seier han.

Treng eit godt år

Også i Sogn Avis måtta dagleg leiar Ivar N. Henjum sjå at svikt i det regionale salet gjorde at opplagstalet gjekk under den magiske grensa på 10000 i fjor.

– Det er vi sjølvsagt ikkje nøgde med, seier han og trur 2012 blir eit betre år økonomisk. Det vil vere viktig for ei avis som alt under finanskrisa i 2009 gjennomførte kraftige kostnadskutt.

– Så det er ikkje mykje meir vi kan gjere på kostnadssida i Sogn Avis.