Hopp til innhold

Fylkeskommunen og riksantikvaren opphevar fredinga av Synneva Eri-huset i Lærdal

Fredinga av Synneva Eri huset, som vart totalskadd i storbrannen i Lærdal i januar, er oppheva. Det har Sogn og Fjordane fylkeskommune bestemt i samråd med Riksantikvaren.

Branntomta etter Sønneva Eris hus

OPPHEVAR FREDING: Branntomta etter Synneva Eri-huset.

Foto: Johan Moen / NRK

– For meg vil det no bli lettare å skulle bygge opp igjen huset. Når fredinga er oppheva så blir det ikkje så mange restriksjonar frå Riksantikvaren. Eg kan prege huset litt meir sjølv, seier den 19 år gamle eigaren, Leiv Thomas Faulkner.

Det over 170 år gamle Synneva Eri huset på gamle Lærdalsøyri var eit av 40 bygg som blei offer for flammane under storbrannen i Lærdal i januar. Det freda huset hadde stor antikvarisk verdi både på grunn av arkitekturen og historia til huset.

Lite igjen å verne

Det var Sogn og Fjordane fylkeskommune si oppgåve å avgjere om huset skulle byggast opp att som eit freda anlegg.

Nils Gjerland

OPPHEVAR VERN: Leiar for fylkesutvalet for kultur, Nils Gjerland

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Huset er jo vekke, det er ikkje lenger noko å frede. Det måtte uansett blitt ein kopi. Det seier leiar for fylkesutvalet for kultur, Nils Gjerland.

Etter å ha utsett handsaminga av saka ein gong har dei i samråd med riksantikvaren kome til at fredingsvedtaket skal opphevast.

– Vi er ganske trygge på at vi no har gjort eit vedtak som er til gavn både for eigaren, Lærdalsøyri og Lærdal kommune.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Created by InfoDispatcher

Vil truleg bygge opp igjen

Leiv Thomas Faulkner

VIL BYGGE OPP IGJEN: Leiv Thomas Faulkner, eigar av Synneva Eri-huset.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg kan sjå for meg ein eksteriør kopi, som er nokon lunde like på utsida, men med ein meir bruksvenleg løysing innvendig.

Det seier den 19 år gamle huseigaren, som ikkje heilt har bestemt for om han skal bygge opp igjen. Men mykje taler for at det er det som kjem til å skje.

Det er ikkje minst ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim glad for.

Jan Geir Solheim

HÅPAR PÅ GJENREISING: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Foto: NRK

Dette var innfallsporten til verneområdet, og det betydde mykje. Eg trur mange har merka at det er vekke.

–Det blir nesten som å mangle ei hjørnetann, det er viktig at det kjem opp att i same stilen.